Lærar Stryn kulturskule
Org. nr: 963 989 202 Stillingsident: 4197900583 Presentasjon av stillingen:
Stryn kulturskule underviser born og voksen i heile kommunen innan dans, drama, kunst, musikk og song. Kulturlivet i Stryn er aktivt og mangfaldig og ein ynskjer at kulturskulen skal vere eit ressurssenter for kulturlivet. Samarbeid med lokalt musikk- og kulturliv ser vi som svært viktig.
Det vil bli ledige heil- og deltidsstillingar, fast og vikariat i kulturskulen frå skuleåret 2020/21.
Arbeidsoppgåver
Det vil bli behov for tilsetting frå 1. august i fast stilling og vikariat knytt til undervisning på Stryn kulturskule innan desse fagområda:
- Piano
- Gitar
- Song
- Fele
- Dans
- Teater
- Visuell kunstfag
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning / kompetanse
- Personlege føresetnader og breidde i fagområda vert vektlagd
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevne
Positiv og miljøskapande
Fleksibel og sjølvstendig
Vi tilbyr
Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
Lønn etter tariff
God pensjonsordning gjennom KLP
Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato
Variert arbeid i eit positivt miljø
Kontaktinformasjon
Ingrid Andersen Heieren , Avd.leiar kultur , 95826237
Arbeidsstad
Tinggata 18
6783 Stryn
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stryn Kommune
Referansenr.:4197900583
Stillingsprosent: 0%
Søknadsfrist: 05.04.2020
Om bedriften
Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.