Sjukepleiar/vernepleiar til 100% fast stilling
Org. nr: 833974724 Stillingsident: 4109047460 Presentasjon av stillingen:
Har DU lyst på ei ny utfordring?
Psykiatrisk klinikk består av tre avdelingar: psykiatrisk akuttmottak (PAM), avdeling for psykose og avdeling for stemningslidingar.
Psykiatrisk akuttmottak består av ei mottakseining og 2 sengepostar, og er lokalisert ved Sandviken sjukehus. Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gjev akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønskjer behandling og pasientar som er underlagd tvungent psykisk helsevern.
På sengepostane (PAM 1/PAM 2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gje raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM 2 er ein lukka post med 10 sengeplassar og skjerma eining. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Vi treng deg som har lyst på ein utfordring innan akuttpsykiatri og har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa, oppfordrast menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Mottak av pasientar saman med lege. Pasientoppfølging
- Tverrfagleg teamarbeid ift. observasjon, vurdering og behandling
- Planleggje og setje i verk miljøtiltak
- Sjukepleiedokumentasjon
- Samarbeid med andre avdelingar om vidare behandling i sjukehuset, samt DPS og kommune ved utskriving
- Pårørandearbeid
- Fagutvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Erfaring frå akuttpsykiatri vil vere ein fordel
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
Utdanningsretning
- Sjukepleie
- Sjukepleie videreutdanning
- Vernepleie
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Det er ønskjeleg at du er ansvarsbevisst og trivast i eit aktivt og travelt miljø, og at du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Interesse for sjukepleie som fag
- Pasientorientert
- Engasjert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Cathrine Stue Børhaug, Assisterande Seksjonsleiar, 55956480
Urd Hege Loftesnes, Seksjonsleiar, 55956422
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4109047460
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 11.08.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.