Avdelingsleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4087363819 Presentasjon av stillingen:
100 % fast stilling ledig for oppstart 01.01.20.
Verksemda omfattar omlag 60 årsverk og er organisert i to geografiske avdelingar, samt ei planlagt interkommunal barnevernvakt der Ålesund kommune er vertskommune. Verksemda er organisert med ein verkesemdsleiar som har overordna ansvar for økonomi, budsjett og personal, og ein barnevernleiar som skal ha ansvar for fagleg utvikling av tenesta og særleg ansvar og mynde for vedtak etter Lov om barneverntenester. Avdelingsleiar vil få ansvar for avdelinga som ligg i sentrum av Ålesund med omlag 37 årsverk. Avdelingsleiar rapporterer til verksemdsleiar og skal vere ein del av verksemda sitt leiarteam.
Arbeidsoppgåver
- Mellomleiar med ansvar for dagleg, fagleg drift og personalansvar.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, minimum bachelor.
- Barnevernfagleg utdanning er eit krav.
- Relevant leiarerfaring.
- Vidareutdanning i leiing er ønskeleg, evt er det ei forventning om at den som blir tilsett i stillinga gjennomfører slik vidareutdanning.
Personlege eigenskapar
- Evne til strukturert, sjølvstendig, målretta, kreativt og innovativt arbeid.
- God kjennskap til og forståing for kommune sine oppgåver.
- Løysingsfokus og høg gjennomføringsevne.
- Evne til å bygge nettverk og samarbeid med andre.
- Særleg fokus på førebygging og tideleg innsats.
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Vivian Dyb, Kommunalsjef, 900 18 194
Arbeidsstad
Keiser Wilhelmsgate 11
6002 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Nye Ålesund Kommune
Referansenummer:4087363819
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.01.2020
Søknadsfrist: 09.06.2019
Om bedriften
Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal danne ein ny kommune frå
- januar 2020. Kommunen skal heite Ålesund. Den blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen vil ha rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen blir ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet, vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.