ID 1907 Barne- og ungdomsarbeidar - Langeland skule
Langeland skule har ca. 410 elevar fordelt på 1. til 7 klassetrinn og innføringsklasse.
Det er ledig 2 faste stillingar i 89% ved Langeland skule. Stillingane er knytt til ein kombinasjon SFO og skule.
Kvalifikasjonskrav:
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant kompetanse.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Det kan verta behov for at ein deltar i symjeundervisning og kan vera ønskeleg at ein har/tek livredningskurs.
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. jf. Opplæringslova § 10-9.
Me kan tilby:
- Spanande arbeidsoppgåver i eit utviklande fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og
- utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til rektor Anita Eriksen
Om bedriften
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.