Ferievikarar
Stillingsannonsen er inaktiv.Brønnøysundregistrene
Brønnøy
Om stillinga
Har du lyst til å jobbe hos oss i sommar? Brønnøysundregistera treng di hjelp til å gjere viktige oppgåver og har fleire ledige stillingar som ferievikar. Vi treng ferievikarar i perioden mai–september 2021.
Arbeidsoppgåver
- saksbehandle rekneskap
- registrere og kontrollere meldingar
- svare på telefonar og handtere bestillingar frå kundar
Du må rekne med å arbeide noko overtid på ettermiddag og laurdag.
Kvalifikasjonar
Du må
- beherske bruk av PC som arbeidsverktøy godt
- ha god formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
Det er fint om du også har
- relevant praksis innanfor området
Personlege eigenskapar
- du må like å jobbe saman med andre og vere positiv til dei arbeidsoppgåvene som må gjerast
Vi tilbyr
Stillingane er lønna med etterskotsvis timelønn i ltr. 23–39 i Statens regulativ (kr. 162,30 – 196,40 pr. time rekna ut frå ansiennitet). Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse frå lønna di.
Arbeidstida er i perioden 15.05. – 14.09. måndag–fredag kl. 0800–1500. Resten av året er arbeidstida 0800 – 1545.
Generelt
Brønnøysund er ein hyggeleg kystby med korte avstandar til jobb, fritids- og servicetilbod. Vi har full barnehagedekning og eit godt oppvekstmiljø i trygge omgivnader. For deg som liker friluftsliv er det mange moglegheiter for fine naturopplevingar til lands, fjells og i skjergarden. Vi har også eit rikt kulturliv, fleire treningssenter og idrettslag.
Vi ønsker ein arbeidsplass prega av mangfald, og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar, også deg med hol i CV, til å søke jobb hos oss. Opplysingar om nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV kan bli brukt til registreringsformål.
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan blir offentleggjort sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlista, men du vil bli varsla om ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Vi ber om at du opplyser når du kan tiltre og kor lenge du kan jobbe. For å bli vurdert som søkar må du i tillegg legge ved CV, vitnemål/karakterutskrifter og attestar.
Ta gjerne kontakt
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med gruppeleder Hildegunn Gansmo Bjørkan på tlf. 901 40 060 eller gruppeleder Knut Anders Vongraven på tlf. 971 97 450.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på tlf.: 75 54 22 20 eller e-post: kundeservice@jobbnorge.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Brønnøysundregistrene
Adresse
Havnegata 48, 8900 Brønnøysund
Hjemmeside
Om Brønnøysundregistera
Brønnøysundregistera utviklar og driv digitale tenester som gjer dialogen med det offentlege enklare for personar og verksemder. Vi driv mange av dei viktigaste registera i landet og har 450 medarbeidarar.Dei fleste jobbar i Brønnøysund. Vi har også kontor i Narvik og Oslo.Om stillingen
Stillingstittel
Ferievikarar
Antall stillinger
17
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 17. februar 2021
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 10018917
Stillingsnummer: 3feda6d9-8e31-4613-b868-dad5976f6cdd