Helsefagarbeidar natt
Org. nr: - Stillingsident: 4426453132 Presentasjon av stillingen:
Ambulerande heimetenester har eit ledig vikariat for helsefagarbeidar på 76 % natt med oppstart snarast! Vikariatet varer til 31.01.22 og har høve til forlenging. Denne stillinga har base ved Folkestadtun omsorgsbustadar. Stillinga har arbeid på natt, inkludert arbeid på helg.
Arbeidsoppgåver
Arbeid som våken nattevakt med ansvar for helse- og omsorgstenester til dei 13 bebuarane ved Folkestadtun omsorgsbustadar.
Kvalifikasjonar
- I utgangspunktet krav om autorisasjon som helsefagarbeidar. Assistentar med relevant erfaring kan også søke og bli vurdert som aktuelle.
- Du må ha arbeids- og oppholdsløyve.
- Vi forutsett meget gode norskkunnskaper både skriftleg og munnleg (Helst norsktest nivå B2).
- Du må fremlegge tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd.
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer ein medarbeidar som:
- Liker å arbeide med eldre
- Trivast med å arbeide sjølvstendig
- Tar initiativ og ansvar.
- Har godt humør.
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- Sjølvstendig og variert arbeid.
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Internundervisning og fagleg påfyll.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Astrid Dimmen, Avdelingsleiar heimetenester, 95770524, astrid.dimmen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Dalsfjordvegen 4235
6120 Folkestad
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenr.:4426453132
Stillingsprosent: 76%
Vikar
Startdato: 01.10.2021
Sluttdato: 31.01.2022
Søknadsfrist: 19.09.2021
Om bedriften
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!