Undervisningsstillingar skuleåret 2020 / 2021
Org.nr.:961 821 967 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Vil du vera med oss og byggje framtidsskulen for alle elevane i Vaksdal?
Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar. Viss du er ein av dei, så ynskjer Vaksdalskulen deg som søkjar til ledige undervisningsstillingar, vikariat og/eller faste, frå 1. august 2020. Både heiltid- og deltidsstillingar kan bli aktuelt.
I Vaksdal er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Arbeidet med å fornye Kunnskapsløftet er i gang. Skulane i Vaksdal har jobba i fellesskap mot fornying av læreplanen hausten 2020. Målet i ny læreplan er å styrke utviklinga av elevane si djupnelæring og forståing. Verdigrunnlaget skal løftast fram i læreplanane, og elevane skal mellom anna jobbe tverrfagleg med demokrati, medborgarskap, berekraftig utvikling, folkehelse og livsmestring. Vaksdalskulen har felles og langsiktige satsingar gjennom vurdering for læring, PALS og digitalisering, og som lærar i Vaksdal får du vere del av eit lærande fellesskap.
Vi er stolte av det gode arbeidet som vert gjort av våre tilsette og ynskjer oss fleire lærarar med på laget.
Utlysinga gjeld stillingar for skuleåret 2020/2021. For enkelte stillingar kan det verta aktuelt med tidlegare tilsetjingsstidspunkt.
Rekrutteringa startar i løpet av mars og vil foregå heilt fram til skulestart.
Arbeidsstad
Vaksdal kommune har 5 skular; 2 kombinert skule (1-10) og 3 barneskular (1-7), som du kan få nærare opplysningar hjå:
Vaksdal skule - Rektor Monika Antun -Tlf. 488 80 311
Stanghelle skule - Rektor Magnar Helland - Tlf. 488 80 331
Dale barne- og ungdomsskule - Rektor Magnar Helland - Tlf. 488 80 331
Stamnes skule - Rektor Jan Erik Dahle - Tlf. 920 17 462
Eksingedalen skule - Rektor Liv Anne Bergo - Tlf. 976 53 458
Krav til kompetanse
Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar)
God IKT-kompetanse.
Det er i tillegg ynskjeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk og praktisk-estetiske fag
Vi ynskjer å tilsetje positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som;
- er tydelege klasseleiiarar og har evne til å skapa gode relasjonar
- set eleven sitt beste i sentrum
- vektlegg tilpassa opplæring
- har god læreplanforståing og vurderingspraksis
- har gode samarbeidsevner
- er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar
- har godt humør
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppmodar menn til å søkja.
Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding.
Lønsvilkår
Etter gjeldande lov og avtaleverk.
Vaksdal kommune kan tilby
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus
- Spanande og utfordrande stillingar
- Gode og kvalifiserte fagmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Elektronisk søknad. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Treng du hjelp, kan du venda deg til innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 462 99 734 / 453 75 984.
Søknadsfrist 10. mars 2020
Kontaktperson
Jill Bru Johansen, Einingsleiar skule, mobil: 45376534 jill.johansen@vaksdal.kommune.no
Ann Kristin Bolstad, Kommunalsjef Oppvekst, mobil: 977 59 760, ann.kristin.bolstad@vaksdal.kommune.no
Link til søknadsskjema: Send søknad
Om bedriften
Vaksdal kommune har ca. 4.000 innbyggjarar. Kommunen ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Bergensbanen og E16 går i tunnel gjennom store delar av kommunen. Reisetid med tog frå Bergen er omlag 45 minutt, frå Voss omlag 35 minutt. Sentral plassering gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv.