Ringevikar - Undarheim barnehage
Omtale av stillinga
Ved Undarheim barnehage er det trong for fleire ringevikarar som kan jobba ved korte eller lengre fråvære.
Snarleg tilsetjing.
Gode norskkunnskapar er ein føresetnad.
Arbeidsoppgåver
Oppfølging og støtte av barn/enkeltelevar/grupper.
Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar.
Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar/opplegg i samråd med pedagog.
Aktivitetar utanfor arbeidsplassen, til dømes ekskursjonar og turar.
Kvalifikasjonar
Ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeid.
Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge.
Personlege eigenskaper
Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge.
Er lærevillig og utviklingsorientert.
Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing.
Er positiv, lojal og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Generell god helse.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.