Etablert fastlegeheimel - Kystlegane - 2. gongs utlysing
Frå 1. september 2019 er det ledig ein etablert fastlegeheimel med privat drift ved Kystlegane i Bømlo kommune. Listestorleiken er på 1000 pasientar. Kystlegane er eit privat legekontor med 5 legar. Kontoret ligg sentralt plassert på Svortland, kommunesenteret i Bømlo. Legekontoret har erfarne kollegaer og stabil hjelpepersonellbemanning, funksjonelle og tidsrette lokale og er godt utstyrt. Kontoret nyttar journalsystemet System X. Meir informasjon om kontoret og kollegaene på www.kystlegane.no Det kan tilpliktast offentleg oppgåve med inntil 7,5 timar pr veke etter nærare avtale. I fastlegeavtalen er det pliktig deltaking i legevakt ved Sunnhordland interkommunale legevakt med om lag 3 vakter pr mnd. Den er lokalisert i nytt legevaktsbygg ved Stord sjukehus. Kommunen legg til rette for spesialisering i allmennmedisin.
Krav til kompetanse:
Norsk autorisasjon som lege
Er spesialist eller har starta spesialisering i allmennmedisin
Gjennomført norsk turnusteneste/LIS1
Kan arbeide sjølvstendig
Har gode samarbeidsevner
Har gode kommunikasjonsevner og beherskar godt norsk, munnleg og skriftleg
Ved tilsetting vert personlege eigenskapar vektlagt
Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd ved oppstart.
Forskrift om fastlegeordninga og gjeldande avtaleverk regulerer dei kommunale vilkåra for fastlegeavtalen og vilkår ved overdraging av fastlegeheimel med privat drift. Fråtredande fastlege vil gje opplysingar om avtalar som skal overdragast i praksisen.
Opplysingar om fastlegeheimelen får ein ved å venda seg til fråtredande fastlege Livar Braut på e-post: livar.braut@haugnett.no eller Bømlo kommune ved leiar for legetenesta Tove Britt Digernes - 53 42 33 05 / 992 54 351