Innkjøpskonsulent
Kirurgisk serviceklinikk (KSK), Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Innkjøpskonsulent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. juni
Vil du bidra til trygg og effektiv operasjonsdrift i eit av landets største operasjonsmiljø?
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) har ledig 100% fast stilling som innkjøpskonsulent. Stillinga er organisatorisk plassert i KSK operasjonsavdeling (OPA), med avdelingssjef som leiar. Arbeidsstad er for tida inne på Sentraloperasjon, då hovudoppgåvene er lagt til innkjøp for dei operative seksjonane, i tett dialog med brukarklinikkane.
Stillinga er ledig frå snarast eller etter nærare avtale. 50% av stillinga er knytta til ortopedisk seksjon i Sentraloperasjonen (SOP), og 50% er knytta til andre seksjonar i OPA.
Stillinga vil ha ein sentral rolle i å sikre god oversikt over utstyr, bestillingar og vareflyt. Som innkjøpskonsulent vil du bidra til at operasjonsteama har riktig utstyr tilgjengeleg til rett tid. Rolla er viktig for å støtte ein effektiv operasjonsdrift og gode pasientforløp. Du vil ha tett samarbeid med operasjonssjukepleiarar, kirurgar, seksjonsleiing og sjukehusets innkjøps- og logistikkmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Koordinere bestilling og oppfølging av medisinsk forbruksmateriell og utstyr til operasjonar
- Bidra til god lagerstyring og oversikt over utstyr i operasjonsavdelinga
- Følge opp vareflyt og leveransar slik at nødvendig utstyr er tilgjengeleg til planlagte operasjonar
- Vere kontaktpunkt mot leverandørar og sjukehusets innkjøps- og logistikkfunksjonar
- Bidra til systematisk oppfølging av avdelingas utstyrsbehov
- Delta i arbeid med standardisering av utstyr og forbetring av rutinar
- Bidra i prosessar knytta til anskaffingar i samarbeid med relevante fagmiljø
- Arbeidsoppgåvene kan utviklast i takt med avdelingas behov
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg utdanning eller annan relevant bakgrunn innan logistikk, vareflyt eller innkjøp
- Erfaring frå sjukehus eller operasjonsmiljø er ein fordel
- God systemforståing og interesse for strukturert arbeid
- Erfaring frå SAP eller andre ERP- system er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Det vil bli lagt vekt på at ein er personleg eigna for stillinga
Personlege eigenskapar
- Strukturert og systematisk
- Gode samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar i eit travelt miljø
- Løysingsorientert og praktisk anlagt
- Evne til å sjå heilskap og bidra til gode arbeidsprosessar i seksjonen
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Ein sentral rolle i eit spennande og komplekst operasjonsmiljø
- Eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom ulike profesjonar
- Moglegheit til å bidra til utvikling av gode system for utstyr og vareflyt
- Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Solveig Tveit Songstad, Avdelingssjef, 99609824Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5131563674
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Solveig Tveit Songstad
Avdelingssjef
99609824
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3fcb964d-da15-4416-9721-38b54957582a
- Sist endret
19. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a3f22bbd06f0465aa52756db253cde4d