Rådgjevar IKT og digitalisering 19/497
Vil du være med å gjøre Klepp smartere ved bruk av teknologiske løysingar, slik at kvardagen vert lettare for innbyggjarar?
Me vil ha deg som kan være med å løfte Klepp kommune vidare inn i den digitaliserte framtida men og ha ein fot i tradisjonell drift av IT. Du vil får store moglegheiter til å bidra i utviklinga av organisasjonen Klepp kommune.
Oppgåver
- Framoverlent og nytenkande rådgjevar i ein allsidig kommune
- Ressursperson i kommunens digitaliseringsarbeid
- Utvikling og drift av skyløysingar
- Pådrivar for Office 365 i organisasjonen
- Bidra i drift og vedlikehald av tekninsk infrastruktur
Om bedriften
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgaste staden i Klepp og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19 300 innbyggjarar. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.