Butikkmedarbeidar - shop assistent
Stillingsannonsen er inaktiv.Flåm AS avd. Merchandise
A-feltvegen, 5742 Flåm
I Flåm er Merchandise eit nytt butikkonsept og populært konsept, og me treng fleire sesongarbeidarar i 2020 og allereie frå mars. Er du ein person som set gjesten i fokus og er opptatt av service? Har du energi, er motivert og likar utfordringar? Då er du den rette til å søke på våre stillingar. Her får du ein unik moglegheit til å verta ein del av eit internasjonalt miljø, med fast tilsette og sesongarbeidarar frå over 20 nasjonalitetar. Naturen spelar på lag med oss og gjer det enkelt for oss tilsette å leve opp til våre verdiar:
Ekte - Spektakulær -- Gjestfri - Kompetent
Arbeidsoppgåver:
- Kundebehandling og vertskap i våre butikkar
- Stå i kasse og gjere sal
- Halde orden i butikken
- Fremme og følgje opp konsept for butikken
Om deg:
- Blid og serviceinnstilt
- Kundetekke og salstalent
- Strukturet
- God på kommunikasjon og samarbeid, samstundes arbeide sjølvstendig
- Trivast i kontakt med kundar
- Du må like å arbeide i eit hektisk miljø
Gode språkkunnskapar er ein fordel.
Ta gjerne kontakt for å høyre meir om stillinga og når det er mogleg å byrje!
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Flåm AS avd. Merchandise
Adresse
Stasjonsvegen 1, 5743 Flåm
Hjemmeside
Facebook
Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar, og er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, Flåmsbana og fjordsightseeing, Flåmsbanamuseet, merchandise, samt kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing er om lag 700 millionar. Det er i dag 120 heilårstilsette og 200 sesongarbeidarar i alle selskapa. Verksemda har god lønsemd og er i sterk vekst. Vi vil byggje våre konkurransefortrinn ved å skape innovasjon, produktivitetsutvikling og resultatfokus i tett samarbeid med strategiske partnarar.
Om stillingen
Stillingstittel
Butikkmedarbeider
Antall stillinger
4
Oppstart
2. mars 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Lørdag, Søndag, Ukedager
Arbeidstid
Dagtid, Kveld
Arbeidstidsordning
Turnus
Sist endret: 18. mars 2020
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 3fb40152-0cc6-4530-98be-85f20ceea252
Stillingsnummer: 3fb40152-0cc6-4530-98be-85f20ceea252