Helsefagarbeidar (helgestilling), 17,6-21%
Stillingsannonsen er inaktiv.ETNE KOMMUNE
HS Avd. 2 Bistand omsorg
Er du helsefagarbeidar og ønsker å jobbe i eit interssant fagfelt? Då kan dette vera ein stilling for deg. Det er ledig helgestillingar som helsefagarbeidar i eining helse, miljøarbeidstenesta i Etne kommune.
Miljøarbeidstenesta i Etne gir tenester til personar med særskilte behov som bur i eigne husvære, samt avlastingtilbod.
Me tilbyr langvakter kvar 4. helg.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet er variert, med stor vekt på samhandling med brukerar.
Drive aktivt miljøarbeid
Samarbeid med pårørande
Dokumentasjon
Ha medansvar for eit godt arbeidsmiljø
kompetanse:
Godkjent helsefagarbeidar, anna relevant utdanning kan bli vurdert.
Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg
Erfaring frå miljøarbeid er å føretrekke
Personlege eigenskapar
Me leitar etter deg som har eit positivt syn på livet og har eit godt humør
Du har god fagleg innsikt og tryggleik
Er beslutningsdyktig og sjølvstendig
Har gode evner til samarbeid, koordinering og kommunikasjon
Tør å ta ei utfordring
Er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
Personlege eigenskaper vert sterkt vektlagt ved tilsetjing
Annan informasjon
Ein må ha førerkort kl B
Den som blir tilsett må framvise godkjent politiattest.
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservara seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
ETNE KOMMUNE
Adresse
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Administrasjonen er organisert etter tonivåmodellen, med 10 resultateiningar i tillegg til stabs-, støtte- og rådgjevarfunksjonar. Kommunen har ca 270 årsverk/440 tilsette. Tenestemålet er nynorsk.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 19. desember 2019
Hentet fra: Etne kommune
Referanse: rekrutering.etne.kommune.no/recruitment/opening?0?782/2019-SONFRA
Stillingsnummer: 3fa3d309-9339-41f7-8084-911fe840cf41