Avdelingsleiar i Bu- og aktivitetstenesta
FAST 100% STILLING SOM AVDELINGSLEIAR
I Bu- og aktivitetstenesta er det for tida seks ulike bufellesskap og eit aktivitetshus.
Den ledige stillinga er per i dag tillagt ansvar for to av bufellesskapa.
Vi ser etter ein tydeleg og fagleg sterk leiar som er samlande og har evne til å skape tillit, heilheitlege tenester og gode resultat.
Stilling inneber dagarbeidstid.
Arbeidsoppgåver:
Fag-, drifts- og personalansvar
Bidra i utviklinga av tenesta innafor ramma av vedteke budsjett
Sikre eit godt tverrfagleg samarbeid for å skape heilheitlege tenester
Kvalitets- og utviklingsarbeid
Ansvar for fagsystem og elektronisk turnusverktøy
Saksbehandling og kartlegging av tenestebehov
Aktiv bidragsytar i eininga med fokus på godt samarbeid med pårørande/verge, kollegaer, tillitsvalde og verneombod
Dette er oppgåver som f.t er lagt til stillinga. I tillegg kjem oppgåver som kan bli lagt til frå einingsleiar.
Kvalifikasjonar:
Stillinga er aktuell for vernepleiar eller sjukepleiar med norsk autorisasjon eller andre med relevant høgskuleutdanning.
Leiarerfaring er ønskeleg.
Du er mål- og resultatorientert.
Du har er interessert i velferdsteknologi og har solid digital kompetanse, med god kunnskap om turnus og bruk av elektronisk turnusverktøy.
Du har god muntleg og skriftleg framstillingsevne og kommuniserer godt på norsk.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Du må ha førarkort kl.B
Personlege eigenskapar vi legg vekt på:
Vi ser etter deg som har engasjement og evne til å inspirere og motivere. Du er handlekraftig og evnar å møte og ta utfordringar.
Du har gode samarbeidsevner og er aktiv pådrivar for å bygge og bevare eit godt arbeidsmiljø.
Du er god til å delegere, inspirere, rettleie og vidareutvikle medarbeidarane dine for å bygge gode team.
Vi tilbyr:
- interessante og varierte arbeidsoppgåver
- engasjert og fagleg dyktig personalgruppe
- du får påverke eigen arbeidskvardag og planlegging av oppgåver
- flotte og funksjonelle lokale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- flyttegodtgjerlse etter reglane i personalplanen
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter avtale
Link til søknadsskjema: Send søknad