Avdelingsleiar 100% fast stilling
Org. nr: - Stillingsident: 4195984172 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 01.08.2020 ved Sykkylven opplæringssenter.
Ansvar for drift av avdelinga Opplæringssenteret. Stillinga er todelt med 50% administrativ stilling og 50% undervisning.
Opplæringssenteret/vaksenopplæringa er ei avdeling ved Sykkylven ungdomsskule som har omlag 60 deltakarar, 6-7 tilsette og eigen avdelingsleiar. Oppgavane består i bl.a. norskopplæring for vaksne innvandrarar, grunnskule og spesialundervisning for vaksne.
Skulen ligger ved Aure-elva i sentrum av Sykkylven.
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg personalansvar for dei tilsette i avdelinga.
- Drift etter lov og føresegner, og innanfor dei rammene ein er tildelt.
- Leiing av lærings- og utviklingsarbeid i personalet.
- Utarbeiding av timeplanar/arbeidsplanar for dei tilsette.
- Forvalte lover og regelverk som omfattar brukarane.
- Vere aktiv i forhold til å levere kompetanse til eksterne brukarar.
- Undervisning.
Kvalifikasjonar
- Utdanning i skuleleiing er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
- Undervisningskompetanse innanfor ramma av brukarar.
- Erfaring frå liknande arbeid er positivt.
- Relasjonskompetanse.
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
- Gode samarbeidsevner overfor brukarar, personale og leiing.
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling.
- Godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar.
- Inkluderande og sosialt arbeidsfellesskap.
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverk.
- Tilsetting i tråd med gjeldande lover, avtalar og reglement.
- Obligatoriske tenestepensjonsordningar med gunstige lånevilkår.
- Gode forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Randi Løseth Aasen, Rektor/einingsleiar, 70254904, randi.loseth@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Sykkylven opplæringssenter
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4195984172
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 10.03.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.