Arbeidsleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4350690486 Presentasjon av stillingen:
Bykle kommune har skuleungdom/studentar i arbeid om sommaren. Desse er i arbeid hjå oss medan våre faste tilsette avviklar ferie. For å gi sommarvikarane god oppfølging, søkjer vi etter ein arbeidsleiar, 100% stilling f.o.m. 7.6.21 t.o.m. 13.8.21.
Arbeidsoppgåver
Følgje opp, instruere og hjelpe sommarvikarane i forhold til dei oppgåvene som skal utførast i teknisk drift og eigedom, både i Bykle og på Hovden.
Kvalifikasjonar
- "Handy-man", gjerne med erfaring frå arbeid med vedlikehald av bygg og grønt
- Relevant erfaring
- Relevant fagbrev er ein fordel
- Minimum førarkort klasse BE
Personlege eigenskapar
- God evne til å kommunisere, rettleie og leie
- God til å planleggje, følgje opp og ha oversikt
Den som blir tilsett må kunne arbeide heile perioden.
Vi tilbyr
Løn som arbeidsleiar etter kvalifikasjonar.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar.
Det blir trekt 2% pensjonsinnskot.
Kontaktinformasjon
Bjørn Einar Andersen, Tenesteleiar, 945 05 149
Arbeidssted
Sarvsvegen 14
4754 Bykle
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Bykle kommune
Referansenr.:4350690486
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 07.06.2021
Sluttdato: 13.08.2021
Søknadsfrist: 09.03.2021
Om bedriften
Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette