Kommunalsjef Oppvekst og Kultur - Fjord kommune (Norddal og Stordal) - Norddal kommune
Fjord kommune søkjer etter kommunalsjef for oppvekst og kultur frå 2019. Vår nye kommunalsjef vil ha eit heilskapleg leiaransvar, inkludert fag-, økonomi-, personal-og utviklingsansvar for sin sektor..
Kommunalsjef oppvekst og kultur inngår i administrasjonssjefen sitt leiarteam.
Den som vert tilsett i stillinga vil få moglegheit til å utvikle tenester og organisering av oppvekst- og kulturområdet i den nye kommunen. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Stillingsbeskriving er ikkje endeleg og vil vere avhengig av framtidig organisering. Arbeidsoppgåver som er knytt til stillinga er mellom anna desse:
Arbeidsoppgåver
- Fagleg, økonomisk og administrativ leiing av tenesteområdet
- Styre, samordne, utvikle og effektivisere drifta av tenesteområdet
- Utarbeide og delta i sektoren og kommunen sitt strategiarbeid
- Personalansvar for leiarane i sin sektor
- Behandle administrative og politiske vedtak samt sakshandsaming til politiske utval.
- HMS ansvar for sin sektor
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- Relevant erfaring frå området
- Leiarerfaring og utdanning
- Erfaring og kunnskap frå kommunal forvalting
- Oppdatert på nasjonale mål samt relevant lov- og avtaleverk
- Erfaring frå utgreiings og prosjektarbeid
- God digital kompetanse
Utdanningsretning
- Pedagogikk
- Administrasjon og ledelse
Utdanningsnivå
- Høyskole/Universitet
- Tilleggsutdanning
Personlege Eigenskapar
- Sjølvstendig og med god gjennomføringsevne
- Utviklings og resultatorientert
- Strategiske og analytiske evner
- Dyktig til å delegere, motivere, utvikle og kommunisere med sine medarbeidarar.
Vi tilbyr
- Ei spennande toppleiarstilling der ein vil få moglegheit til å byggje ein heilt ny kommune og samordne tenester på tvers av gamle kommunegrenser.
- Høve til eigen vidareutdanning/utvikling
- Gode løns- og arbeidsvilkår
- God pensjons- og forsikringsordning
- Ttilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Kontaktinformasjon
Karl Andrè Birkhol, Administrasjonssjef Fjord, (+47) 941 66 992
Arbeidsstad
Valldal
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Norddal kommune
Ref. nr.:4039426560
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4039426560&company_id=3032565587&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Norddal og Stordal slår seg saman til Fjord kommune frå og med 01. januar 2020.Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Den nye kommunen vil ha eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med stort fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane.