Helsesekretær/medisinsk sekretær til fast stilling i Nevrologisk avdeling
Org. nr: - Stillingsident: 4387708611 Presentasjon av stillingen:
Nevrologisk avdeling har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med nevrologiske lidingar. Avdelinga har ekspedisjon, inntakskontor, poliklinikk, dagpost og 2 sengepostar. Nevrologisk avdeling har i dag 13 sekretærar.
Vi har no ledig 100% fast stilling som helsesekretær. I Nevrologisk avdeling har sekretærane oppgåver knytta til poliklinikk, til sengepost og elles til avdelingas merkantile tenester som bestilling av varer, pasienttransport og tolk. Vi har eit triveleg arbeidsmiljø og oppgåvene er spennande og varierte. Vi søkjer etter ein positiv, serviceinnstilt og sjølvstendig medarbeidar som ønskjer å bidra til eit godt samarbeid i ein travel og engasjerande sjukehuskvardag.
Avdelinga har høgt tempo, og alle sekretærar må setje seg inn i fleire administrative rutinar/oppgåver for til ein kvar tid å kunne arbeide der det er behov. I stillinga ligg også klargjering av undersøkingsrom og utstyr.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga inneber i hovudsak pasientadministrative oppgåver handtert i systemet DIPS med hovudoppgåver knytta til post eller poliklinikk. Andre oppgåver er betening av telefon, kontakt med samarbeidande avdelingar og støttefunksjonar, merkantilt arbeid i form av registrering og oppfølging av tilvisingar og tildeling av time
- I poliklinikken deltar ein også i arbeid med klargjering av undersøkingsrom og utstyr
- Personen vi søkjer må vere fleksibel og ha evne til å setje seg inn i avdelinga sine rutinar og oppgåver
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter helsesekretær med norsk autorisasjon eller med utdanning som medisinsk sekretær
- Det er eit krav med relevant arbeidserfaring
- Det blir lagt vekt på erfaring med DIPS, og administrativt pasientarbeid
- Den som blir tilsett må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer vedkommande i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollegaer og pasientar
- Den vi søkjer må vere villig til å ta på seg arbeid og oppgåver etter behov
- Det vil bli lagt vekt på kjennskap til bestillingssystemet Merida
Utdanningsretning
- Helsesekretær
Utdanningsnivå
- Fagskule/fagbrev
- Vidaregåande skule
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, serviceinnstilt, ansvarsbevisst og tåler høgt tempo
- Du klarer å behalde roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
- Du er fleksibel, nøyaktig og løysingsorientert
- Du er punktleg og påliteleg
- Du har vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold
- På jobb er du positiv og løysingsorientert og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Liker varierte utfordringar og har høg arbeidsmoral
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Language
- Engelsk
- Norsk
Vi tilbyr
- 100% fast stilling for helsesekretær med allsidige oppgåver i ein spennande, triveleg og travel avdeling
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø
- Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Anne Lise Svendsen, Seksjonsleiar, 55975081/ 90808170, anne.lise.svendsen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4387708611
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.07.2021
Søknadsfrist: 23.05.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.