Økonomidirektør
Stillingsannonsen er inaktiv.Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Org. nr: - Stillingsident: 4346995100 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer etter ein fagleg sterk og utviklingsorientert person til å lede vår økonomiavdeling. Økonomiavdelinga har i dag ansvar for lønn, rekneskap, budsjett, styringsdata, medisinsk koding og strategisk innkjøp. Som økonomidirektør innehar du ei nøkkelrolle i helseforetaket med eit bredt kontaktnett. Utvikling og drift av økonomifunksjonen er ei viktig oppgåve og krev solid virksomheitsforståing. Stillinga rapporterer til viseadministrerende direktør og inngår i adm. direktør si leiargruppe.
Du får ansvar for korrekt og påliteleg finansiell rapportering, og må ha full oversikt over den økonomiske utviklinga i helseføretaket. Store byggjeprosjekt gjer det naudsynt å ha løpande god kontroll på likviditet. Økonomiavdelinga skal yte service, men samtidig vere den som stiller tydelege krav. Førebuing av gode beslutningsgrunnlag til leiiarlinja i føretaket er ein viktig del av arbeidet.
Kvalifikasjonar
- Høgare økonomisk utdanning med erfaring frå økonomi og leiing.
Personlege eigenskapar
- Som økonomidirektør er du ambisiøs på eigne og føretakets vegne.
- Du har evne og vilje til å engasjere deg i helseføretaket, og ønskjer å vere ein pådrivar i kontinuerleg utviklingsarbeid.
- Du har solid analytisk kompetanse, struktur, initiativ og gjennomføringsevne.
- Du er ansvarleg og heilheitstenkande, og er van med samansette problemstillingar.
- Du vil ha jamlege framføringar i styret og forsamlinger, og må såleis vere ein god formidlar av kompliserte problemstillingar.
Vi tilbyr
- Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av spesialisthelsetenestene til beste for innbyggjarane i Møre og Romsdal.
- Vi inviterer deg inn i eit stimulerande arbeidsmiljø, med gode høve for fagutvikling.
- Konkurransedyktige løns- og personalvilkår.
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Andre opplysninger
- Du må pårekne ein del reiseaktivitet i samband med jobben.
- Arbeidsstad er Ålesund.
- Du må levere tilfredsstillande politiattest.
- Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste.
- Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje.
Kontaktinformasjon
Heidi Anita Nilsen, Assisterende direktør, 93 03 93 89, Heidi.Anita.Nilsen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4346995100
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.03.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Adresse
Åsehaugen 1, 6017 Ålesund
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. V i gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
Vi minner om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 30. mars 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4346995100_Helse Møre og Romsdal HF_webcruiter
Stillingsnummer: 3e579f4e-543e-4dbe-9caf-4c209da1219d