Lærarar og spesialpedagogar til grunnskulen frå 01.08.2020
Ingress
Det er ledig eit uspesifisert tal fast stillingar/vikariat ved skulane i Ål frå 01.08.2020.
Me søker
Det er ledige stillingar ved fylgjande skular:
- Nedre-Ål skule, 1-7 skule, ca. 200 elevar
- Leveld skule, 1-7 skule, ca. 60 elevar
- Skattebøl skule, 1-4 skule, ca. 50 elevar
- Torpo skule, 1-7 skule, ca. 50 elevar
- Ål ungdomsskule, 8-10 skule, ca. 200 elevar
I Ål kommune er det fire barneskular og ein ungdomsskule. Skulane er godt utstyrte for å kunne drive variert og tilpassa undervisning. Elevane på barnetrinnet har kvar sin iPad og elevane på ungdomstrinnet har kvar sin PC. Alle klasserom er godt utstyr med ny teknologi som t.d nettverksprojektor, apple-TV, bluetooth høgtalar med lærarmikrofon.
Betre læring er vår lokale oppvekstplan der "livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø" er overordna mål. Difor er også "inkluderande undervisning" hovudfokuset i fagfornyingsarbeidet vårt. Det er utarbeidd felles system for tverrfagleg samarbeid (BTI), og ein felles plan legg til rette for etablering av gode foreldrenettverk. Skulane har også tilsett miljørettleiarar som skal hjelpe lærarane med å skape gode og trygge læringsmiljø. Ål er MOT-kommune.
Satsingsområdei er spesialpedagogikk og praktisk bruk av IKT i undervisninga.
Sjå www.aal.kommune.no for fleire opplysningar om Ål kommune og skulane.
Spesifiser gjerne i søknaden kva for skule du ynskjer stilling ved.
Utlysinga gjeld også for stillingar som kan bli ledige fram til august 2020.
Kvalifikasjonar
Godkjent undervisningskompetanse jf. Opplæringslova kap. 10 og forskrift til opplæringslova kapittel 14 §§ 14-2 og
14-3.
Me ynskjer søkjarar med interesse for, og gjerne vidareutdanning, innan spesialpedagogikk og IKT.
Det er behov for lærarar med undervisningskompetanse i engelsk, tysk og realfag på ungdomsskulen.
Gje opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse i.
Kontaktlærarfunksjon er aktuelt ved fleire av skulane.
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar:
- du brenn for læraryrket og ynskjer å bidra til god læring for elevane
- du er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer.
- du har pågangsmot og engasjement
- du er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- du ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
- du har engasjement for elevar med spesielle behov
Me tilbyr
- arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø
- engasjerte og dyktige skuleleiarar
- skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- kompetanseheving
- kommunale lønns- og arbeidsvilkår med god pensjonsordning i SPK
- hjelp til bustad
Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Politiattest
Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Send søknad
Du må sende elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden.
Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju fortløpande. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar, dersom dette ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillingane.
Om bedriften
Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen, er den største av kommunane i Hallingdal med litt under 5 000 innbyggjarar og med Bergensbanen og RV 7 som hovudårer. I Ål finn du mellom anna Ål kulturhus med Landsdelscene for dans, og det lokalmedisinske senteret, Hallingdal sjukestugu. Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar Frå 8. trinn blir alle elevane samla ved Ål ungdomsskule. Kommunen har innført iPad/PC til kvar elev og lærar, og brukar ny teknologi i undervisninga. Framover vil "Det digitale klasserommet i fagfornyinga" vere eit viktig satsingsområde. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. I kåringa til UNICEF i 2019 om oppvekstvilkår for barn, er Ål rangert som ein av dei ti beste kommunane i landet.