LIS 3 Ortopedi
Kirurgisk avdeling Stord sjukehus
tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
LIS 3 Ortopedi
Oppstart
6. januar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 8. november
Har du ein ortopedspire i magen? Då oppfordrar vi deg til å søkje og bli ein del av vårt team på Kirurgisk avdeling ved Stord sjukehus.
Hos oss får du tett oppfølging av faste ortopedar. Vi har 4 årsverk for overleger og 3 LIS-stillingar innan ortopedi. Avdelinga har stor aktivitet innan øyeblikkeleg hjelp, elektiv kirurgi og skadekirurgi. Du vil få mykje erfaring innan brotbehandling, protesekirurgi, scopiar i skulder/kne, hallux valgus og hand-/fotkirurgi. Stord sjukehus er akutt-sjukehus med traumefunksjon, og ortopediske legar deltek i traumeteamet.
Startar du utdanninga di hos oss, vil du vere godt rusta når du skal vidare i spesialisering. Fordelen med å vere LIS 3 innan ortopedi ved Stord Sjukehus er den tette oppfølginga. Her blir du fort sjølvstendig på inngrep, og du har det triveleg på jobb. Du blir raskt kjent med alle, får mykje ansvar, men også god supervisjon.
Vi har no 2 LIS 3-stillingar ledige innan ortopedi. Hos oss får du godkjenning av dei fleste læringsmåla for del 3. Du får fullført dei resterande læringsmåla i løpet av 18 månader med spesialisering ved universitetssjukehus. Vi har avtale med Ortopedisk avdeling på Haukeland sjukehus og vi legg vekt på at du skal få gjennomført dei nødvendige kursa gjennom heile perioden de er her.
Er du usikker på om ortopedi er vegen du ønskjer å spesialisere deg innan? Hos oss har vi felles vaktordning for LIS innan generell kirurgi og ortopedi. Det betyr at du på vakt får ansvar for begge fagområda og du vil også få erfaring innan generell kirurgi. I dag har vi 6 LIS i rotasjon, men vi jobbar no med å rekruttere slik at vi kan starte opp ny tenesteplan med aktiv vakt i 7- eller 8-delt vakt. Vi håpar å få dette på plass i løpet av 2025. Jo raskare vi får rekruttert gode medarbeidarar, jo raskare får vi endra tenesteplanen.
Har du lyst til å lære meir om kroniske sår og avansert sårbehandling? Hos oss har vi ei av landets første sårpoliklinikkar, med stor aktivitet, som du får god innføring i. Her er vi langt framme i avansert sårbehandling og har ein av landets beste og mest dedikerte overlegar innan dette feltet i avdelinga. Samarbeidet med teamet på sårpoliklinikken vil gi deg mykje ansvar og du vil lære mykje.
Kirurgisk avdeling har ein aktiv sengepost med 18 senger. Liggetida er kort, og utskiftinga av pasientar i løpet av dagen er stor. Vi har 4 operasjonsstover og ein dagkirurgisk avdeling. Stord Sjukehus er del av Helse Fonna, og vi får pasientar til ØH-operasjonar frå heile Helse Fonna sitt område.
Søk no og bli ein del av vårt flotte team!
Arbeidsoppgåver
- Utdanningsstilling i Ortopedisk kirurgi
- operativ virksomhet, post og poliklinikk
- Primærvakt som innbefatter mottak av både ortopediske og kirurgiske pasienter på vakt tid
- Opplæring og veiledningsansvar til Lis1 og Hospitanter
Kvalifikasjonar
- Godkjent Lis 1 tjeneste
- Norsk autorisasjon som lege
- Gode norsk kunnskaper er helt avgjørende for forsvarlig pasientbehandling. Søkere med annet morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregående skule, må ha bestått Bergens testen, eller anna norsk test på B2 nivå. Dokumentasjon må vedlegges søkanden.
Personlege eigenskapar
- Faglig dyktighet
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
- Du må kunna arbeide målretta og strukturert, både sjølvstendig og i team
- Bidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Vi tilbyr
- Løn i henhold til gjeldande overenskomst
- Det vert gjeve ansiennitetstillegg slik at lIS 2/3 startar i lønnskategori B
- Rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr 40 000,-
- Boliger på sjukehusområdet som kan disponeras i en overgangsperiode.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Bodo Gunther, Avdelingsoverlege, 53 49 10 00, bodo.erhardt.gunther@helse-fonna.noAud Lisa Kjøl, Seksjonsleiar, 41249100, aud.lisa.kjol@hele-fonna.no
Arbeidsstad
tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4876996501
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 06.01.2025
Søknadsfrist: 08.11.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2777276
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f6d5d455789a4dbcb3c48386ebd2c130