Prosjektstilling som aktivitetskoordinator
Stillingsannonsen er inaktiv.Bømlo bu- og helsesenter, Bømlo kommune
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Org. nr: - Stillingsident: 4369826113 Presentasjon av stillingen:
Bømlo kommune har fått prosjektmidlar til ei stilling som aktivitetskoordinator ved sjukeheimane våre.
Tilskot er gitt i samband med Covid 19, og skal stimulera til innovative tiltak for å oppretthalde aktivitet og sosial kontakt slik at eldre som har langtidsopphald i institusjon får aktive og meiningsfulle dagar og gode opplevingar.
Stillinga er ei prosjektstilling i 50% ut 2021, men med moglegheit for forlenging. Oppstart så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver
Primære arbeidsoppgåver er å skapa gode augeblikk for pasientane våre. Oppgåver kan bestå i tur ut, høgtlesing, aktivitetar som spel, elles er det berre fantasien som set grenser.
Kvalifikasjonar
Det er ynskeleg med relevant fagbrev, men ikkje eit absolutt krav. Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Det blir stilt krav om godkjent politiattest.
Personlege eigenskapar
- Du må lika å vera saman med eldre personar.
- Godt humør og gode kommunikasjonsevner.
- Evne til å jobbe sjølvstendig, samtidig som du må kunne jobbe tett med kollegaer, samarbeidspartnarar og leiarar.
- Du må væra fleksibel og tilpassingsdyktig.
Vi tilbyr
Løn etter avtale (tariff).
Stillinga vil ha arbeidsplass ved Bømlo bu- og helsesenter (BBH) og rapportera direkte til verksemdsleiar.
Kontaktinformasjon
Berit Nesse, 53 42 34 02
Jorunn Jacobsen Folgerø Holm, 53 42 30 69
Arbeidsstad
Leirdalen 25
5430 Bremnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommune
Referansenr.:4369826113
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Startdato: 13.04.2021
Sluttdato: 31.12.2021
Søknadsfrist: 14.04.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Bømlo bu- og helsesenter, Bømlo kommune
Adresse
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause , modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus -- hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig -- me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert -- driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
13. april 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 14. april 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4369826113_Bømlo bu- og helsesenter, Bømlo kommune_webcruiter
Stillingsnummer: 3e1400ec-8d6d-45bf-802f-7a5baec41d78