Helsesekretær/sekretær- Akuttmottak - Molde sjukehus - Helse Møre og Romsdal HF
Klinikk for akuttbehandling - Avdeling for akuttmottak og intensiv Molde og Kristiansund
Seksjon for akuttmottak Molde har fleire oppgåver. Hovedfunksjonen er mottak og stabilisering av dei aller fleste pasientar som kjem til innlegging ved Molde sjukehus. Vi driv også skadestove for akutte kirurgiske/ortopediske skadde, som krev øyeblikkelig poliklinisk vurdering og behandling 24/7/365. I tillegg driv vi telefonformidling for legevakta i alle kommuner i vårt nedslagsområde.
Vi har ledig vikariat i 100% stilling for helsesekretær/sekretær frå snarast i 1. år frå oppstartsdato.
Arbeidsoppgåver
- Ekspedisjon/skranke, betjene telefon, registrering av pasientdata og elles forefallande kontoroppgåver.
Kvalifikasjonar
- Gode datakunnskapar
- Vi søkjer person med relevant erfaring og gode samarbeidsegenskapar
- God framstillingsevne er nødvendig.
Personlege Eigenskapar
- Det vil bli vektlagt at ein er personleg eigna og har fleksibilitet i stillinga.
- Må kunne arbeide sjølvstendig og vere initativrik
- Like varierte utfordringar
- Ansvarsbevisst
- Må ha høg arbeidsmoral
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Triveleg arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Petter Rangnes, Seksjonsleiar, ( + 47) 71121352 / 93213181, petter.rangnes@helse-mr.no
Arbeidsstad
Molde
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Møre og Romsdal HF
Ref. nr.:2019/1264
Stillingsbrøk: 100%
Engasjement
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 07.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4028769197&company_id=1699661622&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere 'På lag med deg for helsa di'. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.