Barne- og ungdomsarbeidar
Vikar for barne- og ungdomsarbeidar
Erfjord skule har ledig 120% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar f.o.m. 01.08.19 til 06.04.20.
Kvalifikasjonar
Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfag eller anna relevant kompetanse.
Me søkjer deg som er:
Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
Oppteken av å søkje kunnskap i lag med barn.
Bidreg til eit positivt læringsmiljø.
Har ein ekte motivasjon for å arbeide med barn.
Tilstadeverande.
Fagleg interessert.
I tillegg ønskjer me at du har:
Eit positivt menneskesyn.
Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjoner.
Evne til å inspirera og motivera kollegaene dine.
Evne til å jobba målretta, og likar å sjå resultat av jobben din.
Erfaring frå arbeid i barnehage.
Gode norskkunnskapar.
Generelt/Søknad sendast
I samsvar med § 19 i Lov om barnehage vil dei som vert tilsett, måtta leggja fram tilfredstillande politiattest.
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitmnemål må takast med til eventuelt intervju.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkje på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med servicetorget tlf. 52 79 22 00.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.