Økonomirådgjevar
Stillingsannonsen er inaktiv.Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Sveio kommune lyser nå ut ei spanande stilling som rådgjevar innan økonomi. Stillinga skal ha ei heilskapleg oversikt over budsjett-, analysearbeid og rapporteringar i hovudsak innafor barnehage og skule.
Sveio kommune har fire barneskular med SFO og eit oppvekstsenter med skule/barnehage og SFO. Kommunen har 2 kommunale- og 5 private barnehagar. Informasjon om barnehagane og skulane er å finna på heimesidene til kommunen.
Sveio kommune er ein BTI-kommune. Det skal vera trygt og godt for barn og unge å veksa opp i vår kommune.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for budsjett, rekneskap og rapportering for barnehage og skule
- Analyse og deltaking innan kommunal forvaltning, prosjekt og politisk sakshandsaming
- Arbeida med ressurs- og rammetildeling for den einskilde barnehage og skule
- Medansvar for GSI-/Basil rapportering
- Tilskotsberekning til private barnehagar
- Vere støttefunksjon for einingsleiarane
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med utdanning frå universitet, eller høgskule innan økonomi gjerne på masternivå
- Anna relevant utdanning og praksis kan komme i betraktning til dømes lærarar med vidareutdanning innan økonomi
- Kjennskap til offentleg forvaltning og lov- og avtaleverk innan fagområdet barnehage og skule
- Gode datakunnskapar og kjennskap til digitale verktøy innan avansert Excel, økonomi- og HR system
- Kunne kommunisera skriftleg og munnleg
- Relevant praksis innan arbeidsområda vil vektleggjast ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og til å kunne arbeida sjølvstendig, strukturert, målretta og ta raske avgjerder
- Strukturert, nøyaktig og gode analytiske evner
- Stor arbeidskapasitet og evne til å trivast i ein hektisk kvardag
- Initiativrik og løysingsorientert
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune og nynorsk er skriftspråk i kommunen
Vi tilbyr
- Interessante og varierte arbeidsoppgaver
- Faglig og personlig utvikling innenfor et område i kontinuerlig utvikling
- Fleksitidsordning
- Godt arbeidsmiljø og sosiale treff med hyggelige kollegaer
- Kommunal løn og pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Elisabeth Nygaard, Kommunalsjef skule, barnehage og kultur, 452 70 402Arbeidsstad
Sveiogata 705550 SVEIO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommuneReferansenr.:4584561147
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Sveio kommune
Adresse
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Hjemmeside
Om stillingen
Stillingstittel
Økonomirådgjevar
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 2. desember 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: 17b543e70af34810b8585af5edf4ecf8
Stillingsnummer: 3de0c23e-8a75-4772-8a16-c476e537cf6b