Byggesakshandsamar
Stillingsannonsen er inaktiv.Aurland kommune
Rådmann
Me har ledig
Aurland kommune har ledig mellombels stilling som bygggesakshandsamar. Stillinga er100% og engasjementet varer i 12 månader. Forlenging kan bli aktuelt. Stillinga er plassert i stabseininga forvalting og utvikling.
I tillegg til byggesak har eining desse ansvarsområda: Nærinsutvikling, planlegging, eigarskapssaker, kraftrelaterte saker og vassforvaltning.
På grunn høg byggeaktivitet i kommunen, og etterslep på byggesak treng vi no å auke kapasiteten vår på byggesakshandsaming.Vi jobbar for å for å nå målet om å vere forut.
Arbeidsoppgåver
- Byggesakshandsaming
- Råd og rettleiing
- Ulovlegheitsoppfølging / tilsyn
- Eventuelt matrikkelføring
- Eventuelt anna sakshandsaming eller andre utviklingsoppgåver for kommunen
Personlege eigenskapar
Me ønskjer oss ein medarbeidar med kompetanse og interesse innan offentleg forvaltning og samfunnsutvikling. Evne til å arbeide sjølvstendig og evne til å samarbeid er viktig. Vedkommande må ha positiv veremåte, vere løysingsorientert og kunne forholda seg til tidsfristar.
Kvalifikasjonar
- Relevant universitets-/høgskuleutdanning eller relevant erfaring
- God kjennskap til - og gjerne erfaring med offentleg sakshandsaming. Plan og bygningslova og forvaltingslova er særleg relevante.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Lønn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande tariffavtale
- Fleksibel arbeidstid
- Offentleg tenestepensjonsordning
- Naudsynt opplæring
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Krav til språkkunnskapar
Den som vert tilsett må beherske norsk munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftmål.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Adresse
Vangen 1, 5745 Aurland
Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 23. mai 2020
Hentet fra: Aurland kommune
Referanse: aurland-visma.alav.no/recruitment/opening?0?687
Stillingsnummer: 3dcbe915-017e-4652-9247-9629778d8f05