ID 1754 Brannførebyggjar/feiar -- Stord brann og redning
Stord brann og redning har ledig stilling som brannførebyggar/feiar i 100% stilling. Stillinga er og tiltenkt ei rolle i brannberedskapen. Noko som krev at ein har bustad i nærleiken til hovudstasjon på Vabakkjen.
Stord brann og redning er eit kommunalt brannvesen, med hovudstasjon på Vabakkjen, like ved Leirvik sentrum. Brannvesenet har i dag åtte heiltidstilsette, samt ein lærling i feiarfaget, og om lag 40 deltidstilsette fordelt på 2 stasjonar og depot. Førebyggjande avdeling har ansvar for tilsyn med om lag 120 særskilte brannobjekt, og feiing/tilsyn med om lag 7500 fyringsanlegg i bustader og fritidsbustader, i Stord og Fitjar kommunar.
Arbeidsoppgåver:
- Tilsyn med og feiing av fyringsanlegg
- Sakshandsaming innan eige fagområde
- Motivasjons- og informasjonsarbeid
- Brannførebyggjande arbeid med særleg vekt på risikogrupper
- Kurs- og instruktøroppgåver
- Inngå som deltidspersonell i brannberedskapen
Kvalifikasjonar:
- Svennebrev i feiarfaget. Søkjarar utan svennebrev i feiarfaget vil bli vurdert, men med føresetnad at søkjar er villig til å ta dette
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar:
- Evne til å tilpasse seg eit fellesskap med personleg orden, vere høfleg og vise omsyn til andre
- Gode samarbeidsevner, men likevel kunne arbeide sjølvstendig
- Serviceinnstilt
- Ha interesse for fagområdet
- Evne til å kommunisere og bygge tillitsfulle relasjonar
- Beherske digitale verktøy
- Må vere fysisk og psykisk skikka til arbeidet og ha god helseattest
Me tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt fagmiljø
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Fleksitidsordning
- Treningsfasilitetar på arbeidsplassen
- Løn etter avtale
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Politiattest må visast fram ved tilbod om stilling.
Me ber om at referansar vert oppgjevne i søknaden. Kopi av vitnemål og attestar må takast med til eit eventuelt intervju.
Kontaktperson:
Avd.leiar førebyggjande Ragnhild Vad, mobil: 48158582, ragnhild.vad@stord.kommune.no, eller
Brannsjef Jan Ove Anthun, mobil: 97552053, jan.ove.anthun@stord.kommune.no.
Søknadsfrist: 17.Oktober