Redaktør - lokalavisa i Sveio
Stillingsannonsen er inaktiv.Vestavind As Bygdeblad For Sveio
Sveiogata 72, 5550 Sveio
Me søkjer ein framoverlent redaktør som brenn for lokalsamfunnet, og som evnar å finne dei raske nyheitene, men også grave og gå i djupna.
Som redaktør får du ansvaret for å vidareutvikla avisa journalistisk og digitalt. Vestavind skal vera best på Sveio. Me treng deg som vil ta hovudansvaret for produksjon av papiravisa, samt styrke Vestavind på nett. Redaktørstillinga krev stor arbeidskapasitet, journalistisk erfaring og evne til å byggja relasjonar. Du vil ha ansvaret for redaksjonen som består av redaktør og journalist. Dagleg leiar og engasjerte styremedlemmar er klare for å samarbeida med deg i vidareutviklinga av Vestavind.
Løn og pensjonsordning etter avtale.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vestavind As Bygdeblad For Sveio
Adresse
Sveiogata 72, 5550 Sveio
Hjemmeside
LinkedIn
Facebook
Lokalavisa Vestavind vart stifta i 1986,og kjem ut i papirformat kvar torsdag samt med daglegeoppdateringar på nett. Avisa er limet mellom bygdene i Sveio, og skal bidra til å redusera handelslekkasje, samt støtta lokalt næringsliv. Vestavind har vel 1300 abonnentar. Verksemda har tre tilsette på heiltid med redaktør, journalist og dagleg leiar/marknadsansvarleg. Kontoret er i Sveio sentrum.
I Vestavind er me eit positivt team som er opptatt av det som skjer rundt oss. Me jobbar for å tilby eit godt produkt både for lesarar og annonsørar, og ser på lokalavisa som eit viktig informasjonsorgan for heile kommunen.
Om stillingen
Stillingstittel
Redaktør
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 29. september 2021
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 3db7a9c6-9668-4c2f-9c3e-177c8a1ca4a0
Stillingsnummer: 3db7a9c6-9668-4c2f-9c3e-177c8a1ca4a0