6 månaders engasjement som nynorskkonsulent
Stillingsannonsen er inaktiv.Brukerbehov, digitalisering og kommunikasjon
3712 Skien
Nynorsk språkkonsulent 100 % stilling, seks månaders engasjement
Stillinga er organisert i utvilkingseininga bruarbehov, digitalisering og kommunikasjon, i seksjon for kommunikasjon.
Fylkestinget har vedtatt at Vestfold og Telemark fylkeskommune skal vere språkleg nøytral, men at 25 prosent av det skriftlege språket skal vere på nynorsk, for eksempel i brev, i rapportar og på
nettsider.
Fylkestinget har også vedtatt ein språkbruksplan, som fortel korleis vi skal
kommunisere skriftleg. Planen inneheld mellom anna språkpolitiske mål og forslag til tiltak. Det er behov for ein person som leier arbeidet med å heve nynorskkompetansen, mellom anna ved å kurse tilsette, omsetje standarddokument og svare på nynorskspørsmål frå tilsette.
Hovudarbeidsoppgåver og ansvarsområde
Den som blir tilsett, skal
- vere vår interne nynorskekspert og gi råd i språkspørsmål
- kurse tilsette i nynorsk
- omsetje standardiserte malar og dokument
- språkvaske tekstar
- svare på eksterne spørsmål til fylkeskommunen om nynorsk
- hjelpe til med å lage ein ny språkprofil for Vestfold og Telemark fylkeskommune i samarbeid med seksjon for kommunikasjon
- følgje opp språkbruksplanen som blei vedtatt av fylkestinget desember 2020, i samarbeid med seksjon for kommunikasjon
Kvalifikasjonar
++Utdanning:++
- høgare utdanning, helst innanfor språkfag
++Erfaring:++
- relevant erfaring med språkarbeid, inkludert språkvask, korrektur og omsetjing av tekstar
- solid nynorskkompetanse
- god IT-kompetanse
- bestått Språkrådets kompetanseprøve i nynorsk og/eller bokmål
- undervisningserfaring eller erfaring med å halde kurs og foredrag
- kjennskap til klarspråksarbeid
- kjennskap til offentleg forvaltning
++Personlege eigenskapar:++
- sjølvstendig, målretta og resultatorientert
- lagspelar
- serviceinnstilt
Vi legg vekt på om du er personleg eigna.
Tilsetjing og prøvetid
Tilsetjing skjer på grunnlag av dei lovene, tariffavtalane og reglementet som til kvar tid gjeld. Som hovudregel praktiserer vi 6 månaders prøvetid frå tiltredingsdatoen.
Slik søkjer du
Søknaden sender du via eit elektronisk søknadsskjema. Vitnemål og attestar tek du med til eit eventuelt intervju.
Vi gjer merksam på at alle søkjarane våre kjem på den offentlege søkjarlista, jf. offentleglova § 25.
Dersom du ønskjer fritak frå offentleggjering, må du grunngi det i søknaden. Dersom ønsket ditt ikkje blir innvilga, varslar vi deg om det. Fylkeskommunen er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte, til å søkje uansett alder, kjønn, eventuell funksjonshemming, seksuell orientering, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Om fylkeskommunen
Fylkeskommunen er politisk styrt med fylkesordføraren som øvste politiske leiar. Fylkesrådmannen er øvste administrative leiar.
Vestfold og Telemark fylkeskommune skal bidra til samfunnsutvikling og verdiskaping i regionen, og har ansvar for viktige oppgåver innanfor mellom anna vidaregåande opplæring, kultur, folkehelse, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesvegar, samfunnsutvikling og regional- og arealplanlegging. Vi jobbar tverrfagleg og set behova til innbyggjarane i sentrum. Til dette oppdraget søkjer vi etter ein motivert og endringsvillig medarbeidar som er god til å byggje relasjonar og er ein utviklings- og løysingsorientert lagspelar. Søk på stillingen
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Brukerbehov, digitalisering og kommunikasjon
Adresse
Fylkesbakken 10, 3715 Skien
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 3. mars 2021
Hentet fra: hrmanager
Referanse: 99964_Brukerbehov, digitalisering og kommunikasjon_hrmanager
Stillingsnummer: 3dab017f-7214-468d-9879-e895a0c55d13