Optikar
Org. nr: - Stillingsident: 4376583322 Presentasjon av stillingen:
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen er eit ressurs- og kompetansesenter på 2.-linjenivå med ca. 125 tilsette. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna ansvar for forvaltning, rådgjeving og formidling av tekniske hjelpemiddel for personer med funksjonsnedsetjing, tolketenester for døve og døvblinde og arbeidsretta vegleiing på syn- og hørselsområdet.
Vi har i vår rådgjevingsavdeling ledig eit 12 månadars engasjement som optikar i 100 % stilling. Stillinga er plassert i kode 1434/1364, rådgjevar/seniorrådgjevar, med bruttoløn frå kr. 498.800,- til kr. 555.800,-. Innplassering i lønnsspenn etter erfaring og kvalifikasjon.
Arbeidsoppgaver
Arbeidet vil i hovudsak gjelda arbeidsoppgåver innan:
- Fullført saksbehandling, inklusiv optiske vurderingar i forhold til området behandling/førebygging av amblyopi.
Ein må også pårekna oppgåver som:
- Rådgjeving til 1. og 2. linjeteneste på synshjelpemiddel
- Utprøving etter henvising fra 1. og 2.linjeteneste
- Funksjonsvurdering og rådgjeving for personar med syns nedsetjing
- Utprøving av svaksyntoptikk og filterbriller
- Noko ambulant virksomhet
- Kurs- og opplæring retta mot aktuelle samarbeidsaktørar
- Anskaffing av pristilbod og registrering av hjelpemidelløysningar som grunnlag for anskaffing og utlevering til brukarar
- Deltaking i produktgruppeansvar
Vi tek atterhald om endring av oppgåver og ansvarsforhold.
Kvalifikasjoner
- offentleg godkjenning som optikar
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne (nynorsk og bokmål)
- førarkort og høve til å reise ein del
Ønskjeleg med:
- Ttilleggsutdanning innan Optometrisk rehabilitering av synshemmede, eller kjennskap til svaksyntoptikk
- Kjennskap til offentleg sektor og folketrygdlova
- Erfaring frå hjelpemiddelområdet
Personlige egenskaper
Vi vil ved tilsetjing leggje stor vekt på at den som tiltrer stillinga innehar personlege eigenskapar for å skape motivasjon, engasjement og utvikling.
Ein bør også være:
- Sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og løysningsdyktig
- Serviceinnstilt og ha evne til tverrfaglig samarbeid
Vi tilbyr
- Spanande, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
- Fleksitidsordning
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (2 % av bruttoløn)
Kontaktinformasjon
Leif Fauskanger, Avdelingsleiar, 951 87 003, Leif.Fauskanger@nav.no
Arbeidsstad
Kokstaddalen 35
5257 Kokstad
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:NAV
Referansenr.:4376583322
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 28.04.2021
Om bedriften
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling