ID 1962 Helsefagarbeidarar - Heimebaserte tenester
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
Stord
Er du motivert og ynskjer å være med å vidareutvikle vårt omsorgsteam. Heimebaserte tenester yter helsehjelp og praktisk bistand til heimebuande etter vedtak. Me er ein aktiv og spennande arbeidsplass og har eit tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper. Me har som mål å tilby god kvalitet på tenestene innafor gitte rammer og fleire bur trygt og lenge heime med framtidsretta tenester. Vår visjon er saman om utvikling og velferd.
Heimebaserte tenester søkjer etter deg som er motivert og løysningsorientert og som ynskjer å være med å vidareutvikle vårt omsorgsteam. Me har eit omsorgsteam som er bemanna både dag, kveld og natt i brukars heim og som har fylgjande stillingar ledige:
- 100 % fast stilling dag/kveld for helsefagarbeidar eller anna personell med relevant erfaring frå habiliteringsfaget.
- 63 % fast stilling natt/kveld for helsefagarbeidar eller anna personell med relevant erfaring frå habiliteringsfaget.
Om du berre søkjer på ein av stillingane, skriv i søknaden kva stilling du søknaden gjeld.
Arbeids- og ansvarsområde:
Du blir ein del av eit omsorgsteam rundt ei ung dame busett på Stord. I omsorgsteamet er det hovudsakleg to personell på jobb på dag/kveld og dei samarbeider om oppgåvene. Det er varierte arbeidsoppgåver gjennom dagen der du vil assistere i personleg pleie, måltidssituasjonar, sosiale aktivitetar, kommunikasjon og trening. Bruker har stor interesse for musikk og brukar mye tid på å trene, ofte i basseng.
Du medverkar til eit godt klima for samarbeid og dokumenterer i fagsystem. Du er ansvarsfull, reflektert og påliteleg. Du utøver tenesta etter Stord kommune sine visjonar, verdiar og handlingsprinsipp.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert helsefagarbeidar eller andre med relevant utdanning/praksis
- Beherskar godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Språkprøve B2 må være avlagt og bestått for søkjar utanfor Skandinavia
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Du må ha førarkort klasse B
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Lønningsåsen 1, 5417 Stord
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Om stillingen
Stillingstittel
helsefagarbeidar, hjelpepleiar, fagarbeidar
Antall stillinger
2
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager, Lørdag, Søndag
Arbeidstid
Dagtid, Kveld, Natt
Sist endret: 30. januar 2023
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 3d1281bd-0b15-45b5-a540-9708b278980d
Stillingsnummer: 3d1281bd-0b15-45b5-a540-9708b278980d