Hardanger fartøyvernsenter søkjer tømrar
TØMRAR
HFS satsar på oppdrag innan bygningsvern og søker etter restaureringshandverkar i fast 100 % stilling som kan utføre arbeid etter antikvariske retningsliner.
Arbeidsområde:
-
Restaurering av eldre bygningar
-
Dokumentasjon før, under og etter restaurering
-
Leiing av restaureringsoppdrag
-
Formidling av arbeidet
-
Instruksjon
Kvalifikasjonar:
-
Svennebrev som tømrar. Annan relevant bakgrunn (t.d. tømrar, lafting, allsidig restaurering innan eldre byggeteknikkar) kan vera aktuell kvalifikasjon.
-
Erfaring frå / interesse for kulturminnevern og tradisjonshandverk.
-
Kunnskap om og interesse for byggeskikk og bygningshistorie
-
Helst vidareutdanning innan bygningsvern frå t.d. fagskule
-
Gode norskkunnskapar
-
Sertifikat for personbil og helst med hengar kl. BE
Personlege eigenskapar:
-
Engasjert og interessert i faget
-
Gode samarbeidsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig
-
Allsidig og innstilt på varierte arbeidsoppgåver
Løn etter avtale.
Tilsetjing snarast.
Vi kan tilby:
Stillinga vil inngå som ein del av HFS sin stab av handverkarar. Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved eit aktivt nasjonalt fartøyvernsenter som vektlegg formidling og tverrfagleg arbeid. Noko reising må du rekne med, hovudsakleg innan regionen.
Søknad med cv og relevante vitnemål, attestar og referansar kan sendast til: personal@hvm.museum.no
eller pr. post til: Hardanger Fartøyvernsenter, postboks 53, 5601 Norheimsund
innan 21. mai 2021
Spørsmål i høve stillinga kan rettast til Morten Hesthammer, tlf. 47 48 82 95.
Sjå og nettstaden www.fartoyvern.no
Om bedriften
Hardanger og Voss museum er eit konsolidert museum beståande av institusjonane
Agatunet, Hardanger fartøyvernsenter, Hardanger folkemuseum, Kvam bygdemuseum,
Ingebrigt Vik museet, Granvin bygdemuseum, Voss folkemuseum og kunsthuset Kabuso.
Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) er ei allsidig verksemd som driv med restaurering
av verneverdige fartøy, museum, vern og vidareføring av gamle handverk, fagopplæring,
maritim leirskule og reiseliv. HFS er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter. HFS eig og driv
hardangerjakta Mathilde. HFS er lokalisert i Norheimsund og har omkring 35 medarbeidarar.