Sjukepleiar 100 % fast stilling - 2 gongs utlysning
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Me har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar ved Hjelmeland omsorgssenter med tiltreding frå 01.12.2021. For tiden er det ein nattstilling med langvakter kvar fjerde helg, men kan endras til ein turnus med helgearbeid.
Hjelmeland omsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssenteret har kortids- og rehabiliteringsavdeling, heimesjukepleie, dagsenter, omsorgsbustader, sentralkjøkken og kontor for omsorgstenester.
I Hjelmeland kommune får sjukepleiarar med 10 år eller mindre ein garanti-/startsløn tilsvarande 10 års ansiennitet.
Me er også behjelpeleg med å skaffa bustad.
Me søkjer etter ein person som
- bidra aktivt til eit godt miljø
- er sjølvstending og tar initiativ i sitt arbeid
- har god kjennskap til data/fagsystem som dokumentasjonsverktøy
- er interessert i å jobbe med eldre personar
- som er positiv og motivert
- er fleksibel og løysningsorientert
Arbeidsoppgåver
- delta i stell, pleie og daglege gjeremål
- sjukepleiefaglege oppgåver i avdelinga
- dokumentasjon
- legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- søkjer må ha norsk autorisasjon
- språkkrav minimum B2 nivå
- førarkort klasse B
Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø og spennande arbeidsoppgåver
- løn etter gjeldande avtaleverk
- tillegg for langvakter kvar fjerde helg eller fem av tolv helger
- ekstra betaling for tredelt turnus
- pensjon- og forskringsordningar etter tariffavtale
- god seniorpolitikk
- ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- mogelegheit for fagutvikling og kompetanseheving med stipendordningar
- bedriftskunstforeining
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimesidefor meir informasjon.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her .
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Mona Krogevoll, Mobil 40439090, Epost: postmottak@hjelmeland.kommune.no
Om bedriften
Hjelmeland kommune ligg i "i hjarta av Ryfylke", og er med sine 1092 km2 den nest største
kommunen i Rogaland. Det er kort veg til Stavanger og resten av regionen. Me er ca 2600
innbyggjarar, og kommunesenteret ligg på Hjelmeland.
Kommunen sin visjon; «Hjelmeland naturlegvis» gjev uttrykk for eit ønskje om eit positivt samspel
mellom kommunen sine tilsette, innbyggjarane og naturen rundt oss.
Hovudmål: Jobb og attraktivitet. Å leggja til rette for vekst i folketalet gjennom satsing på
arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn.