Sjukepleiarar Husnestunet, 100% fast (2.gongsutlysning), 80% svangerskapsvikariat
Omtale av stillinga
Husnestunet er ein av tre institusjonar i Kvinnherad kommune. Vi har eit pulserande miljø, og mange faglege utfordringar knytta til områder innanfor eldreomsorga. Her kan ein arbeide med palliativ pleie, demensomsorg, somatiske sjukdommar og pasientar innlagt i kommunalt ØH(øyeblikkelig hjelp)-døgntilbod.
Vi søkjer etter 2 sjukepleiarar i følgande stillingar:
- 100% fast stilling Somatisk avdeling- langtidsavdeling
- 80% svangerskapsvikariat knytta til Samhandlingsavdelinga- korttidsavdeling, kan evt. aukast til 100% der 20% av stillinga er knytta til vikarpool.
Begge stillingane er i to-delt turnus og arbeid kvar 3. helg. Husnestunet har eit godt tverrfagleg samarbeid med helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, fysioterapi, musikkterapi og sjukeheimslege.
Om du søkjer på fleire stillingar innanfor sektor for omsorg, helse og sosial, prioriter dette i søknaden/søknadane.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg oppfølging av pasientane på avdelingane
- Heilhetlig omsorg og pleie
- Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling
- Dokumentasjon av tenester
- Legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring og interesse for eldreomsorg
Helsefagarbeider eller anna helsefagleg utdanna kan bli vurdert i vikariat om me ikkje får kvalifisert søkjar til stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du må vera fleksibel og løysingsorientert
- Ha gode evner til kommunikasjon
- Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
- Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.