Ringevikarar Hordabø skule
Org.nr.:984103867 Stillingsident: Hordabø skule Presentasjon av stillingen :
Hordabø skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar til skule og SFO.
Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.
Arbeidsplass
Hordabø skule er ein barneskule lokalisert i Bøvågen på Radøy og har pr i dag 113 elevar. Skulen har hovudfokus på læringsmiljø og lesing.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva som ringevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.
Vilkår:
Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.
Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.
Kvalifikasjonskrav
For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.
For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjerleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Ståle Villanger, Tlf: +47 56346272, Epost: hordabo.skule@alver.kommune.no
Om bedriften
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.
For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.