Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i norsk/norskdidaktikk – st. nr. 1/2021
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Institutt for språk og litteratur, er det ledig inntil tre mellombelse stillingar (inntil 300 prosent stilling) som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i norsk/norskdidaktikk frå 1.8.2021 til 31.07.2022.
Undervisningsoppgåvene for dei utlyste stillingane er hovudsakleg knytt til norskfaglege emne i grunnskulelærarutdanningane, praktisk-pedagogisk utdanning, barnehagelærarutdanninga og vidareutdanningstilbod for lærarar. Sentrale emne i utdanningane er lese- og skriveopplæring, litteraturdidaktikk, språkvitskap, munnleg kommunikasjon, norsk som andrespråk, multimodale tekstar og nynorsk i opplæringa. Vi har bruk for tilsette med faglege interesser både for språklege og litterære tema. Nettbasert undervisning og rettleiing er sentralt ved fleire av utdanningane våre. I ei førsteamanuensis/førstelektorstilling vil også arbeid med rettleiing av masterstudentar vere sentralt.
Kvalifikasjonar
For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjaren ha doktorgrad i norsk (nordisk), norskdidaktikk eller tilsvarande. For tilsetjing som høgskulelektor må søkjaren ha mastergrad/hovudfag i norsk (nordisk), norskdidaktikk eller tilsvarande.
Det er ønskjeleg at søkaren har praktisk-pedagogisk utdanning, lærar- eller lektorutdanning eller tilsvarande pedagogisk kompetanse.
For meir informasjon om kva som ligg i kravet til pedagogisk kompetanse i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, sjå Universitets- og høgskolerådet sine nasjonale retningslinjer for pedagogisk basiskompetanse: www.uhr.no/temasider/karrierepolitikk-2/nasjonale-veiledende-retningslinjer-for-uh-pedagogisk-basiskompetanse.
Arbeidserfaring frå skule, barnehage eller lærarutdanning vert tillagt vekt.
Arbeids- og undervisningsspråket ved instituttet er norsk, og søkjaren må meistre både bokmål og nynorsk.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde. Vi ønskjer søkjarar som har ei reflektert og bevisst haldning til eige undervisnings- og rettleiingsarbeid, og som har evne til å engasjere studentane både i undervisning og rettleiing. Søkjaren må kunne leggje til rette for varierte undervisningsformer og kunne nytte digitale reiskapar i planlegging og undervisning. Elles ønskjer vi medarbeidarar med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og med evne til å bidra til eit konstruktivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
Vi kan tilby varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap. Nye tilsette får ekstra oppfølging det første året gjennom kollegabasert mentorordning, og ein får tilbod om kurs i høgskulepedagogikk. Vi har gode vilkår for forsking og fleire aktive forskargrupper som ein kan delta i.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i Statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodane ved Høgskulen i Volda: Førsteamanuensis 1011/førstelektor 1198 frå kr 583 900 – 789 200/høgskulelektor 1008 frå kr 488 000 – 670 000.
Generell informasjon
Kvalifiserte søkjarar vert innkalla til prøveundervisning og/eller intervju før ei eventuell tilsetjing.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjar som vert kalla inn til intervju, må ta med original/rettkjende kopiar av attestar og vitnemål for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren verte unnatekne i offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «Søknad» krysse av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentlighet, jamfør Offentlighetsloven» og grunngje søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje.
Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk gjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgjev tre referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gje eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- fullstendig publikasjonslise over alle vitskaplege arbeid
- inntil 10 vitskaplege arbeid, inkludert master/hovudfagsoppgåve og eventuell doktorgradsavhandling
Dei faglege kvalifikasjonane til søkjarane vert vurderte av eit sakkunnig utval med tre medlemer. Vi viser til Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger (KD 9.2.2006, med endringar 15.9.2015). www.lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129.
Kontakt
Opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til fungerande seksjonsleiar for Seksjon for norsk i lærarutdanningane, Hjalmar Eiksund, e-post: hjalmar.eiksund@hivolda.no, tlf. 70 07 52 24, eller instituttleiar for Institutt for språk og litteratur, Tor Arne Haugen, e-post: tor.arne.haugen@hivolda.no, tlf. 70 07 53 26.
Om instituttet
Institutt for språk og litteratur tilbyr norskfaglege emne i grunnskule- og barnehagelærarutdanning og i praktisk-pedagogisk utdanning. I dei femårige grunnskulelærarutdanningane har vi mastertilbod i norsk både innanfor grunnskulelærarutdanning 1-7 og 5-10. Vi tilbyr også årsstudium i norsk språk og samfunnskunnskap for internasjonale studentar. Vidare tilbyr instituttet årsstudium og fordjupingsstudium i nordisk språk og litteratur og ein mastergrad i nynorsk skriftkultur, årsstudium i engelsk, og etter- og vidareutdanningstilbod i norsk og engelsk. Vi samarbeider med Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, som held til ved same avdeling.