Pedagogisk rettleiar
Stillingsannonsen er inaktiv.Sauda kommune
Sentral ledelse
Sauda kommune har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk rettleiar i barnehage og skule.
Kort om stillinga
Stillinga er ein stabsfunksjon knytt til eininga oppvekst og kultur. Kommunalsjef for oppvekst og kultur er næraste overordna.
Stillinga skal arbeide med oppfølging og utvikling av barnehage og skule, samt vera ein støttefunksjon for kommunalsjef oppvekst og kultur.
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagar og skular i tråd med lov og retningslinjer
- Leia innføringa av ny IT-teknologi og læreplan i grunnskulen
- Bidra til å skape heilskap og samanheng til det beste for barn og elevar i kommunen
- Bidra i tverrfagleg samarbeid i tråd med kommunen si satsing
- Stillinga inkluderer deler av myndigheitsoppgåvene for barnehageområdet
Krav til utdanning og ønskja kvalifikasjonar
Me søkjer ein fagleg dyktig medarbeidar med barnehagefagleg utdanning, og som har relevant utdanning og/eller praksis innanfor fagfelta barnehage og skule. Den som vert tilsett bør ha erfaring frå pedagogisk rettleiingsarbeid og er godt kjend med lovar og reglar innan området. Erfaring frå sakshandsaming og utviklingsarbeid er ein fordel. Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som er sjølvstendig, har god gjennomføringsevne og opptrer på ein positiv og tydeleg måte. Du er initiativrik, grundig, strukturert og har gode kommunikasjonseigenskapar og har barna sitt læringsmiljø og utvikling i fokus.
Me kan tilby
Ein spennende og utfordrende jobb
Godt arbeidsmiljø
Sauda komme er ei IA bedrift
Pensjonsordning i KLP
Gode forsikringsordning
Tilsettingsvilkår
Tilsettinga skjer på de villkår og med de plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og lønn etter avtale for Sauda kommune. Ved tilsettinga vil me krevje godkjend politiattest.
Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga.
Søknad sendes
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me rår dirfor alle å søkja via vårt elektroniske søknadssystem. Det er ikkje mulig å legge ved vitnemål, attester og liknande. Dette må tas med til intervju.
Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønningskontoret på mail til lonn@sauda.kommune.no eller på telefon 52 78 62 09 / 52 78 62 03.
Velkommen som søkjar!
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Sauda kommune
Adresse
Kyrkjegata 19, 4200 Sauda
Sauda kommune ligg i vakre Ryfylke og har ca 4700 innbyggarar. Sauda er mest kjend som ein vasskraft- og industrikommune, men byr også på eit mangfald av opplevingar, både når det gjeld natur, kultur, fritidsaktiviteter og gode skianlegg. I Sauda har vi god plass med tiltrekkjande hustomter og attraktive arbeidsplassar. Sauda kommune har fokus på utvikling og er oppteken av at Sauda skal vere ein god kommune å bu i.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 24. mars 2019
Hentet fra: Sauda kommune
Referanse: enterprisesauda.ryfylkeikt.no/recruitment/opening?0?210
Stillingsnummer: 3c799750-7d7e-4b97-b0aa-25445f1a92dd