Ferievikar
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Eidsbøen bufellesskap sine dyktige tilsette skal avvikle velfortent ferie og i samband med dette treng vi fleire vikarer som kan bistå tenestemottakarane med det dei har behov for og bidra til at dei får kjekke og gode sommardagar. Det vil og vere mogeleg å jobbe i andre tidsrom i løpet av året dersom ein ynskjer det.
Vi yt tenester til personar i ulike aldersgrupper og med ulikt bistandsbehov. Det er varierte arbeidsdagar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø med kollegaer i alle aldre og med ulik fagleg og personleg bakgrunn.
Arbeidet foregår både i tenestemottakarane sin heim og deltaking i samfunnet for øvrig.
For å søkja må du fylle 18 år i 2020 og vandelsattest må leverast.
Ta gjerne kontakt med leiar Linn-Beathe Suphammer tlf. 98232951 for ein uformell samtale i forkant for å få vite meir om dette kan vere noko for deg. Opplæring vert gjeve ut frå den einskilde sitt behov.
Søknader vert vurdert fortløpande og vi vil ta kontakt for samtale. Det er og mogleg å søkja etter fristen.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Linn-Beathe Suphammer, Mobil +47 98232951
Om bedriften
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune i Midthordland. Austevoll er landets største fiskerikommune, har svært høg næringsaktivitet, verdiskaping og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar. Nærleiken til Bergen gjer at rundt 700 bergensarar og andre naboar dagleg jobbpendlar til Austevoll. Vi har eit rikt kulturliv og kommunen har i dag omlag 240 fast tilsette som opptekne av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Austevoll kommune byggjer på verdiane truverd, respekt, openheit, mot og profesjonalitet.