100% fast stilling som byggesakshandsamar
Stillingsannonsen er inaktiv.Aurland kommune
Rådmann
Om Aurland
I Aurland finn du fleire kjente attraksjonar som Aurlandsdalen, Nærøyfjorden, Rallarvegen og Flåmsbana. Aurland er i tillegg fantastisk for deg som er friluftsinteressert, men det er også eit variert fritidstilbod her. Aurland har eigen symjehall, flott idrettshall og kino. Det blir arrangert fleire konsertar her i løpet av eit år, i tillegg til Aurlandsmarknaden, Nynorske litteraturdagar. Aurland er ein liten tettstad, men med aktive lag og organisasjonar. Her kan alle finne noko å
engasjere seg i.
Me har ledig
100% fast stilling frå seinast 01.08.21. Byggesakshandsamar er ein av fem tilsette ved avdelinga forvaltning og utvikling. Avdelinga har ansvar for mellom anna plansakshandsaming, byggesakshandsaming, næringsutvikling, eigarskapsoppfølging, kraftsreleaterte saker og vassforvaltning.
Arbeidsoppgåver
-Byggesakshandsaming
-Råd og rettleiing
-Ulovlegheitsoppfølging/tilsyn
-Matrikkelføring
-Eventuelt anna sakshandsaming eller andre utviklingsoppgåver for kommunen.
I Aurland kommune er det høg byggeaktivitet. Som byggesakshandsamar i Aurland kommune får du garantert faglege utfordringar. Vi er i gang med rullering av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel. Vi ynskjer at byggesakshandsamar skal delta aktivt i relevante planarbeid.
Kvalifikasjonar
-Relevant universitets-/høgskuleutdanning.
-Erfaring med byggesakshandsaming er ein fordel
-God kjennskap til offentelg sakshandsaming. Plan og bygningslova og forvaltningslova er særleg relevante.
-Erfaring med matrikkelføring er ein fordel.
-Personelge eigenskapar vert vektlagt.
Me ynskjer oss ein medarbeidar med kompetanse og interesse for kommunal forvaltning, byggesak, og som er samfunnsengasjert. Evne til å arbeide sjølvstendig og evne til samarbeid er viktige eigenskapar. Du må ha ein positiv veremåte, vere løysingsorientert og kunne jobbe strukturert og forhalde deg til tidsfristar.
Byggesakshandsamar har mykje kontakt med andre offentlege instansar, private verksemder og publikum. Den som blir tilsett må kunne kommunisere tydeleg både skriftleg og munnleg. Den som søkjer må like å ha kontakt med folk og evne til å forklare det som er vanskeleg på ein enkel måte.
Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftspråk.
Me tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Faglege utfordringar
- Lønn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldane tariffavtale for kommunal sektor.
- Fleksibel arbeidstid
- Offentleg tenestepensjonsordning
- Naudsynt opplæring og kursing
- Hjelp til å skaffe bustad
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Adresse
Vangen 1, 5745 Aurland
Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 14. februar 2021
Hentet fra: Aurland kommune
Referanse: aurland-visma.alav.no/recruitment/opening?0?737
Stillingsnummer: 3b6d8f43-85a5-4ffc-815d-6ea0f42c10bf