Sjukepleiar, 2 x 80 % faste stillingar ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter
Org. nr: - Stillingsident: 4289529341 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig 2 x 80 % faste stillingar som sjukepleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter. Ei av stillingane er ledig frå 01.12.2020 og den andre frå 01.03.2021.
Stillingane inngår i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
- Bidra til eit godt omdømme.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjenning som sjukepleiar.
- God digital kompetanse.
- Sertifikat for bil.
- Framandspråklege søkjarar må beherske norsk godt, munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel, løysingsorientert og innovativ.
- Gode samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
- Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabilitering, kortidspasientar, palliative rom og langtidspasientar.
- Moderne lokaliteter og funksjonelt utstyr med fokus på velferdsteknologi (som kamera, sensorar) og forbedringsteam.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Tone Marie Giskegjerde, einingsleiar, 41702313
Elin Karin Hopland, avdelingsleiar, (+47) 41702318
Arbeidsstad
Valderøya
6050 Valderøya
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Giske kommune
Referansenr.:4289529341
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2020
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.