Barnevernkurator/kontaktperson 100% vikariat - Eining Barn og familie
Omtale av stillinga
Barnevernstenesta i Kvinnherad har ledig eit års 100% vikariat som barnevernskurator frå 14.10.20 - 14.10.21.
Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
- sakshandsaming etter lov om barneverntjenester
- oppfølging av barn og unge og deira familiar
- barnevernundersøkingar
- fosterheimsarbeid
- samarbeid med andre hjelpeinstansar
Barnevernstenesta er ein aktiv og travel arbeidsplass. Dersom du blir tilsett hos oss kan vi love deg ein spanande jobb
med gode moglegheitar for fagleg utvikling.
Kontoret har i dag 13 fagstillingar og barnevernsleiar.
Kvalifikasjonar
Utdanningskrav: Sosionom eller barnevernspedagog
Personlege eigenskaper
Personlege eigenskapar blir vektlagt ved tilsetjing
Ynskjeleg med erfaring frå kommunal barnevernteneste
Kjennskap til verktøy og metodar i barnevernfagleg arbeid
Gode samarbeidsevner, god kommunikasjon og relasjonsbyggjar
At ein er eigna for arbeid med foreldre, barn og ungdom
Evne til å arbeida effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert
Evne til fleksibilitet og endringsvilje
Krev gode norskkunnskapar
Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Den som blir tilsett må ha sertifikat og disponera bil.
Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåvar.
Fleksibel arbeidstid, det må påreknast noko ettermiddags- og kveldsarbeid.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.Eining Barn og familie - er ei av 23 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fire avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT og avdeling tiltak og ressursar. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes.