Barne- og ungdomsarbeidar / trusopplærar
Ledig vikariat som Barne- og ungdomsarbeidar / trusopplærar.
Vil du at barn og unge skal bli betre kjent med Jesus? Er du ein engasjert og sosial person som likar å ha kontakt med mange? Då er nok dette for deg.
Gloppen Kyrkjelege Fellesråd har ledig vikariat som trusopplærar i 50% stilling. Vikariatet gjeld frå juli 2021 til ut juni 2022.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide med trusopplæringsarbeidet i Gloppen i samsvar med vedtatte planar
- Samarbeide med prestar og trusopplæringsutval
- Planlegging og gjennomføring av ulike aktivitetar som Tårnagent, Lys Vaken, Vandringar saman med barnehagar og barneskule knytt til påske og jul, og å bidra ved barnehage- og skulegudsteneste
- Elles vil arbeidsområda i nokon grad kunne tilpassast søkjaren sine kvalifikasjonar, interesser og erfaringar
Kvalifikasjonar
- Kjennskap til Dnk sine aktivitetar retta mot barn er ein fordel
- Evne til å skape tillit i møte med barn og unge
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Erfaring kan vege opp for manglande utdanning
Personlege eigenskapar
- Den som blir tilsett må vere personleg eigna, ha god formidlingsevne, samarbeidsevne, evne til å motivere, ta initiativ og vere fleksibel i tenesta
- Beherske norsk munnleg og skriftleg
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med tariffavtale, pensjonsordning i KLP
- Varierte arbeidsoppgåver og innflytelse over eigen arbeidssituasjon
- Spanande arbeidsmiljø med nytenking, samarbeid og stabsutvikling
Den som blir tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja og må kunne legge fram politiattest. Den som blir tilsett må kunne disponere bil i tenesta. Søkjarane sitt syn på ulike kyrkjelege spørsmål kan verte etterspurt.
Andre opplysningar
- Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben
- Stillinga kan kombinerast med andre stillingar
Vi tilbyr også
Ein triveleg arbeidsplass med engasjerte medarbeidarar, varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for utvikling.
Du vil arbeide i team i lag med kyrkjelydspedagog og legg opp arbeidet etter eigen plan. Kontor i nye trivelege lokaler. Løn etter kvalifikasjonar og i samsvar til tariffavtale for KA-området, pensjonsordning i KLP.
Tilsetjing snarast.
I dei 3 sokna våre har vi om lag 110 gudstenestar, 50 dåpshandlingar og 60-70 konfirmantar til saman. Vi har fast babysong, utdeling av 4- og 6-års bok, Tårnagenthelg, Lys vaken, vinterleir og leiarkurs.
Det er felles kyrkjekontor og eigen base for driftsavdelinga. Fellesrådet har til saman 19 tilsette som utgjer 7,5 årsverk. Gloppen kyrkjelege fellesråd består av 3 sokn, 6 kyrkjer og 7 gravplassar.
Gloppen kommune har kring 6000 innbyggarar og ligg i Nordfjord i Sogn og Fjordane (Vestland fylke)
For nærare informasjon om stillinga ta kontakt med Kyrkjeverge Audun Mundal, tel. 911 77 823.
Søknad med CV sendast til Gloppen Kyrkjelege Fellesråd på e-post til: audun.mundal@gloppen.kyrkja.no snarast.
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har vel 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn, Anda (SDN) - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet. Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan idrett, kultur og spesielt musikk sidan vi har musikklinje ved Firda vidaregåande og 5 distriktsmusikarar knytt til kulturskulen. Kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikk-kommune. Gloppen kyrkjelege fellesråd omfattar Gloppen kommune, og er delt i tre sokn: Gloppen, Breim og Hyen, med til saman ca. 5100 medlemer.