Barnehagelærar
Org. nr: - Stillingsident: 4197669695 Presentasjon av stillingen:
Tysnes kommune har 4 barnehagar som arbeidar saman til det beste for barnet. Visjonen vår er: glade vaksne - glade barn! Vil du vere med å gje barna i Tysnes kommune ein innhaldsrik og meistringsfylt kvardag?
Me søkjer etter ein positiv, motivert og engasjert medarbeidar som kan vere med å utvikle Tysnesbarnehagane vidare. For tida har me ledig eit årsvikariat i Stjernereiso barnehage. Barnehagen er ein 5 avdelingsbarnehage og har opptil 96 plassar. Barnehagen ligg ved sida av Uggdal skule, og har eit godt samarbeid med skulen.
Arbeidsoppgåver
- Leiing av barn og personal
- Rettleiing av personale
- Planleggja, gjennomføra og evaluera barnehagen sine aktivitetar
- Oppfølging av kommunen sine strategiplanar og fokusområde
- Nært samarbeid med styrar, kollegaer og foreldre
- Bidra til å skape endring og utvikling
- Aktiv deltakar i team og kollegasamarbeid
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærar/førskulelærar
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeid i barnehage
- Personar med annan relevant utdanning kan bli vurdert
- Meistre relevant dataverktøy
- Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
- Den som vert tilsett må levera gyldig politiattest, jf. barnehageloven § 19
Personlege eigenskapar
- Evnar å ta barneperspektivet, legge til rette for, og deltar i barn sin leik og utvikling
- Viser fleksibilitet, kreativitet og stort løysingsfokus
- Har evne til å motivere og inspirere sine kollegaer
- Er sjølvstendig, strukturert og målretta
- Er positiv, engasjert og har gode samarbeidsevner
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Stillingsstorleik: 100 % vikariat
- Faglege utfordringar i eit spanande og positivt arbeidsmiljø
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Gode pensjonsordningar gjennom SPK
- Løn etter kommunalt regulativ
- Ein arbeidsplass som er IA-verksemd, og har gode rutinar for oppfølging
Kontaktinformasjon
Gerd Kongsvik, Styrar, 993 66 482, gerd.kongsvik@tysnesoppvekst.no
Wenche Fagerbakk, Einingsleiar barnehagar, 957 48 374, wenche.fagerbakk@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Dalsvegen 7
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Tysnes kommune
Referansenr.:4197669695
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 16.03.2020
Sluttdato: 14.03.2021
Søknadsfrist: 15.03.2020
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.