Undervisningsstilling språk
Org. nr: 974557029 Stillingsident: 4378731994 Presentasjon av stillingen:
Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro, Teknikk og industriell produksjon, Sal- service og reiseliv, og Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Vaksenopplæringa i Sunnhordland er knytt til skulen og me har kursverksemd i forskjellige fag. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.
Det er planlagt ei større ombygging av Stord vidaregåande skule og me skal ta i bruk nye og moderne skulebygningar innan nokre år. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skape eit trygt læringsmiljø. Skulen legg stor vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular.
Språk-, samfunnsfag-, økonomi- og mediaavdelinga ved skulen har fleire ulike seksjonar, og har omlag 30 tilsette
Me søkjer deg som har lyst å undervisa i språk. Me har ledig undervisningsstilling i norsk og framandspråk (tysk/spansk). Til saman er det ledig om lag 100 % vikariat i desse faga.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja, gjennomføra og evaluera undervisning
- Samarbeida med andre på skulen
Kvalifikasjonar
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse,
jf.Forskrift til Opplæringslova §14-4 - Undervisningskompetanse innan det aktuelle fagområdet, minimum 60 stp.
- Minimum utdanning på bachelornivå
- Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram godkjent politiattest
- Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me søkjer deg som har:
- Har gode evner til å kommunisera, rettleia og motivera
- Kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre
- Likar å omgåast ungdom
- Er systematisk og nøyaktig
Me kan tilby:
- Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Godt og spennande fag- og arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Arild Ingvaldsen, avdelingsleiar, 97540187
Arbeidsstad
Saghaugen 3
5411 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4378731994
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2021
Sluttdato: 31.07.2022
Søknadsfrist: 09.05.2021
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.