Einingsleiar lokal samfunnsutvikling
Org. nr: - Stillingsident: 4218520309 Presentasjon av stillingen:
Stad kommune har ledig 100% fast stilling som einingsleiar for lokal samfunnsutvikling. Stillinga er ledig frå så snart som mogleg. Dagleg arbeidsstad er kommunehuset i Selje, men det vil vere behov for oppmøtedagar på rådhuset på Nordfjordeid og elles noko reiseverksemd.
Eininga lokal samfunnsutvikling tek i vare Stad kommune si rolle som samfunnsutviklar innanfor stadutvikling, reiseliv, idrett og næring. Eininga har også eit særleg ansvar for kulturarven i Stad. Eininga tek i vare kommunen si førstelinjeteneste for næringsutvikling og er eit formelt kontaktpunkt for i Stad idrettsråd. Einingsleiar har eit særleg ansvar for å leie eininga i tråd med Stad kommune sine målsetjingar og arbeidsgjevarpolitikk, og å drive gode offentlege utviklings- og endringsprosessar. Strategisk næringsplan, strategi for stadutvikling, reiselivsstrategien og kommunedelplanane for kulturarven dannar rammene for eininga sine oppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Personal- og økonomiansvar for eininga
- Ansvar for å drive utviklings- og planprosjekt
- Ansvar for å etablere ein god samarbeids- og læringskultur
- Sikre at samla kompetanse i eininga er i tråd med noverande og framtidige behov
- Syte for god og effektiv gjennomføring av politiske vedtak
- Ansvar for tverrfagleg samarbeid og samskaping internt og eksternt
- Anna fagleg og administrativt ansvar for eininga
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer ein leiar som har god samfunnsforståing. Utover dette:
- Relevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå
- Leiarerfaring er ein fordel, gjerne frå offentleg sektor
- Formell leiarutdanning, eller vilje til å ta nødvendig utdanning
- God rolle-, system- og organisasjonsforståing
- God kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lovverk
- Kunnskap og interesse for teknologi og digitalisering
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert og samlande leiar
- God samfunnsforståing
- God samhandlingskompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid
- Trygg og tydeleg i leiarrolla
- Gode strategiske og analytiske evner
Vi tilbyr
- Varierte, sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver
- Deltaking i leiarutviklingsprogrammet til Stad kommune
- Målretta satsing på tverrfagleg samarbeid og samskaping
- Fleksibel arbeidstid og godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Stad kommune har seks månader prøvetid.
Kontaktinformasjon
Kristine Dahl, kommunalsjef kultur og samfunn, 90536157
Arbeidsstad
Kommunehuset i Selje
6740 Selje
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stad kommune
Referansenr.:4218520309
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.09.2020
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!