Rektor Enge skule, 100% fast, 2. gongs utlysing
Enge skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule/SFO med rundt 400 elevar og 70 tilsette. Skulen ligg i sentrum av Etne. Det er to parallellar på alle trinn og det er tilbod om SFO kvar dag. Etne kommune har to skular, Enge og Skånevik skule.
Etne er ein kommune i Vestland fylke som grensar til kommunane Kvinnherad, Ullensvang, Sauda, Suldal og Vindafjord. Etne kommune har ca 4050 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. I kommunen har me verdiane raus, trygg og engasjert som ligg i botn for vårt arbeid.
Me søkjer ein framtidsretta og handlekraftig rektor som fremmar læring og utvikling for elevar og tilsette.
Me kan tilby:
o Ei leiargruppa som er utviklingsorientert, støttande og tett på.
o Gode støttefunksjonar innanfor områda økonomi og personal.
o Leiarsamlingar kor fagleg utvikling, leiarskap og erfaringsdeling er i fokus.
o Samhald prega av profesjonalitet, samarbeid og godt humør.
Generelle vilkår:
o Det er krav om tilfredsstillande politiattest ved tilsetjing.
o Lønn etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Rektor har det faglege, pedagogiske, administrative og personaladministrative ansvaret for drifta av skulen. Det er tre avdelingsleiarar tilsett ved skulen med ein administrajonsressurs på 240%, i tillegg til rektor. Skulen har merkantilressurs på 80%. Næraste overordna er kommunalsjef for oppvekst og kultur.
Ønska kompetanse:
Me søkjer ein rektor som har eit stort engasjement med:
o Kunnskap om skuleutvikling og evne til nytenking.
o Brei erfaring frå pedagogisk arbeid.
o Kunnskap og erfaring innan leiing, personalarbeid og IKT.
o Evne og interesse for å vera med og skapa eit positivt lærings- og arbeidsmiljø og eit godt skule-/heimsamarbeid.
Det er eit ynske om leiarutdanning og det kan bli sett krav om at du tar leiarutdanning dersom du ikkje har dette. Rektor må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar i samsvar med Opplæringslova §9-1.
Personlege eigenskapar
o Er raus, ryddig, inkluderande og løysingsorientert.
o Er trygg på seg sjølv, bryr seg og byr på seg sjølv.
o Er engasjert og kommuniserer godt med born og vaksne.
o Har godt humør og gode samarbeidsevner.
o Jobbar sjølvstendig, målretta og strukturert.
o Er fleksibel og med evne til å ta gode bestemmingar.
Det bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Anna:
Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen. Tilsett i pleie- og omsorg må i tillegg leggja fram dokumentasjon på negativ MRSA-test.
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om bedriften
Etne kommune har ca 3900 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv.