Teknisk prosjektleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4195174340 Presentasjon av stillingen:
Helse Vest IKT driftar og forvalter et særs komplekst systemlandsskap med hundrevis av applikasjonar og integrasjonar -- samstundes som selskapet bidreg i ei lang rekke prosjekt lokalt, regionalt og nasjonalt. For å yte best mogleg inn i ulike aktivitetar med IKT-teknisk karakter, søker vi ein erfaren teknisk prosjektleiar.
Stillinga er plassert i Seksjon for teknisk prosjektledelse, som er eit dynamisk fagmiljø for teknisk implementering av IKT-løysingar i Helse Vest. Vi har oppdrag i store systemimplementeringar, IKT i nye bygg og endringar i IKT infrastruktur til Helse Vest.
I februar 2020 tel seksjonen ni medarbeidarar på kontora i Stavanger, Haugesund og Bergen. Arbeidsstad for stillinga vil vere i Bergen eller Stavanger
Arbeidsoppgåver
- Leie tekniske IKT prosjekt og aktivitetar av varierande omfang og kompleksitet
- Deltaking i prosjekt
- Rådgiving
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning - førtrinnsvis teknisk
- PRINCE2-sertifisiering tel positivt
- Erfaring frå prosjektarbeid
- Minimum fem års relevant erfaring
- Relevant erfaring kan kompensere for høgare utdanning
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- God teknisk forståing
- Glad i teknologi
- Flink med folk
- Evne til å motivere og følgje opp
- Evne til å kommunisere tydeleg
- Nyfiken og evne til å setje seg inn i nye område
- Proaktiv og løysingsorientert
- Strukturert, systematisk og nøyaktig
- Norskspråkleg flytande, både munnleg og skriftleg
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Moglegheit til å påverke utviklinga i landets viktigaste sektor
- Deltaking i eit særs kompetent og dynamisk fagmiljø
- Ei sentral rolle i prosjektarbeidet i Helse Vest IKT
- Gode mogelegheiter for personleg utvikling
- Fleksible arbeidsordningar, derunder fleksitid
- God pensjonsordning i KLP
- Løn etter avtale
- Arbeidsstad Bergen eller Stavanger
Kontaktinformasjon
Pål Gaute Sætre, Seksjonsleiar, (+47) 40221953
Arbeidsstad
Bergen
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Vest IKT
Referansenr.:4195174340
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.03.2020