Odda Mekaniske Verksted søkjer trainee innan marknadsføring
OMV.AS er ein del av ein tradisjonell industri, der me jobbar med stål og er stolt av det. Me er inne i ei utvikling der digitalisering og robotisering er på agendaen, og det vil me vera med på! Her har me bruk for deg!
Me søkjer ein marknadsførar til å styrke oss digitalt.
Som trainee vil du få ei nøkkelrolle i bedriften som mellom anna går ut på å synleggjera oss. Du vil få jobbe med kommunikasjonskanalar, merkevarebygging, marknadsstrategiar m.m. Sjekk gjerne vår nettside så ser du at her er ein jobb å gjera.
Me kan tilby
- varierte arbeidsoppgåver
- lærerikt miljø
- fleksibilitet
- utfordringar og ansvar
Me ser etter
- ein strukturert og kreativ person
- ein som er sterk i/stolt av faget sitt
- ein som kan samarbeide med andre
- ein som vil noko meir
Kvalifisering
Høgare utdanning innan marknadsføring
Våre grunnleggjande verdiar er
Respekt, verdiskapande, stolt, lærande og skapande og samfunnsansvar
Om bedriften