VA-ingeniør - 100 % vikariat med mogleghet for fast tilsettig
Omtale av arbeidsstaden
Stillinga er underlagt eining Teknisk ved avdelinga som har ansvar for drift av veg, vatn og kloakk (VAR) i Midt-Telemark kommune.
Avdelinga har ansvar for drift og vedlikehald av ca. 35 mil med vatn- og avlaupsleidningar.
I tillegg har kommunen ansvar for 17 mil med kommunale vegar, 3 vassverk og 5 avløpsreinseanlegg.
Kort om stillinga
Ein av våre ingeniørar skal ut i permisjon august 2020 og Teknisk ønskjer å finne ein som kan vikariere i dens fravær. Vikariat fram til august 2021, med moglegheiter for fast tilsetting.
Viktige arbeidsoppgåver for stillinga vil mellom anna være:
- Delta i planlegging av drift, internkontroll, vedlikehald og investeringar.
- Rapporteringer til sentrale mynde.
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
Midt-Telemark kommune ynskjer primært søkjarar med ingeniørutdanning og helst erfaring frå liknande arbeid. Høveleg praktisk erfaring kan i spesielle tilfelle kompensere for utdanningskravet
Personlege egenskapar
Eininga har eit godt arbeidsmiljø med godt samarbeid og fokus på å løyse utfordringar i team.
Dette er verdiar det vil bli lagt stor vekt på.
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet.
Særskilt for stillinga
E-læringskurset for nytilsette skal tas før oppstart i stilling.
Førarkort kl. B
Disponere bil
Vi tilbyr
Vi kan tilby gode forsikringar, utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Ein må rekne med å nytte eigen bil etter offentlege satsar.
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du kopiere/lime inn teksten i søknaden. Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden.
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.
Om bedriften
Midt-Telemark kommunen har omlag 11000 innbyggjerar.Midt-Telemark kommune har eit godt utbygd skule- og barnehagetilbod. Kommunen kan tilby eit rikt kulturliv og har eit godt utbygd tilbod innan idrett og fritid. Midt-Telemark kommune er eit naturskjønt område med landets beste klima som gir gode moglegheit for friluft sommer og vinter.