Kontaktperson/ barnevernkonsulent
Stillingsannonsen er inaktiv.Gulen kommune
5986 Hosteland
Org.nr.:938 497 524 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Gulen og Masfjorden barnevernteneste er organisert med barnevernleiar og fire kontaktpersonar. Vi er lokalisert på Hosteland i Masfjorden kommune. Sidan eine kontaktpersonen skal slutte på gunn av flytting, får vi ei ledig 100% fast stilling frå januar 2021. Blir du vår nye medarbeidar?
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som:
- har godkjend bachelor som barnevernspedagog eller sosionom. Personar med annan relevant høgskuleutdanning, og/eller røynsle frå relevant arbeid eller arbeid med foreldre og barn kan også bli vurdert.
- er godt kjend med lovverket vi arbeider etter
- har god skriftleg framstillingsevne og god munnleg framtoning i samarbeid med barn, unge og foreldre
- har førarkort og disponerer bil
- har kunnskap og erfaring med sakshandsaming
For søkarar med anna utdanning enn norsk er det krav om språkkunnskap tilsvarande nivå B2
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- er tydeleg i barnevernfaglege vurderingar
- er engasjert, fokusert og trygg på deg sjølv
- likar å vere i direkte kontakt med barn, unge og vaksne
- er raus, audmjuk og omgjengeleg i møte med barn, deira familiar, kollegaer og samarbeidspartar
- er fleksibel, strukturert, kreativ, løysingsorientert og har gjennomføringskraft
- har gode evner til mentalisering
- kan arbeide både sjølvstendig og i team
- har stor arbeidskapasitet og trivast med høgt arbeidstempo
- har evne til å skape tillit, jobbe med endring og vere nyskapande og undrande
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.
Arbeidsoppgåver:
Det unike med Gulen og Masfjorden barnevern er at sakshandsamarane arbeidar innan heile barnevernfeltet frå start til slutt. Dette betyr at du vert involvert i både sakshandsaming, vurdering og tiltaksarbeid etter barnevernslova. Du vil også ta del i gjennomgang av melding, planlegging, gjennomføring og konklusjon, dokumentasjon og vurdering og evaluering av hjelpetiltak.
Barnevernstenesta utfører store deler av tiltaksarbeidet sjølv. Du vil bidra til eininga si samla oppgåveløysing. Journalføring og dokumentasjon skjer i sakshandsamingssystemet Familia.
Du skal ha fokus på barnet sin rett til å høyrd og medverke i eigen sak. Du vil vere ein støttespelar og endringsagent for barn, ungdom og familiane deira.
Arbeidsområdet vert i begge kommunane Gulen og Masfjorden.
Anna:
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk.
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det vert krevd utfyllande politiattes for tilsetjing innan barnevern.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Vi tilbyr:
- spennande og varierte oppgåver i eit breidt og engasjert fagmiljø. Høve til vidare utvikling
- gode arbeidsrutiner og eit godt arbeidsmiljø. Høve til kreativitet og nytenking
- fleksibel arbeidstid, men du må pårekne noko arbeid på ettermiddag/kveld
- ekstern og intern rettleiing
- løn etter tariff
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- hjelp til å sjå etter bustad i ein av kommunane
·
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Einingsleiar Jane Hesjedal, Tlf: +47 57782061, Mobil +47 99792109, Epost: jane.hesjedal@gulen.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Adresse
Fensfjordvegen 621, 5986 Hosteland
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "Samarbeid for utvikling!"
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 20. oktober 2020
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2565939dep176707_Gulen kommune_stepstone
Stillingsnummer: 3a2867bd-49c1-4138-990f-098f5306fdf3